søndag 6. januar 2008

Mor mi

Mangt og mykje er uvisst um folk og fe, men eitt veit eg: alle hev ei mor. (Eg hev ikkje trui på slik kloning.)

Mødrar kann vera av ymse slag, men slik er det då med alt. Mor mi er, takk vere, av det gode slaget. Ho er varm og snild og hugblid, og verjar oss andre i huset godt. Frå alt som måtte koma på. Mor mi brukar ikkje like mykje tid på gamle bøker og "djup" litteratur (det kann eg segja utan at ho vert arg), men ho vert stødt glad når eg sender nokre linor i posten. Og det hender sumtid. Tidlegare i haust kom det eit par vers skrivne av Arne Garborg, hovdingen sjølv, og eg tykkjer dei kann gjevast til mange mødrar, ikkje berre mi. So, um de veit nokon som vert glad for desse ordberingane, er det berre å "køyra på". Hoi!

No sted ho steller i kjøken-krå,
ho mor;
ho er so gamall, ho er so grå,
ho mor.
Å var eg katten i mjuke skinn,
som kjæle fær seg som barnet inn
til ho mor.

[...]

Ho gjeng på tun i den stille gard,
ho mor,
med kvìke sporv i sitt fotefar,
ho mor.
Å var eg sporven so glad og lett,
som høpp og dansar og sprett og skvett
um ho mor!

[...]

Men gikt ho fær, som i ryggen flyg,
ho mor,
når vinden kald gjenom kjøken syg,
ho mor.
Å var eg døri gamall og fæl,
eg tett meg stengde og livde vel
um ho mor.

Eg veit so vel kva ho tenkjer på,
ho mor,
når der ved gruva ho mødd må stå,
ho mor.
So tidt go gløymer sitt træl og mas
og stirer ut gjenom kjøkenglas, -
gjer ho mor.

[...]

Og alt er framandt og nytt og vondt,
du mor!
det stirer kaldøygt ikring meg rundt,
du mor!
Her er kje liv som eg fritt kann tru;
og ingin einaste er som du, -
du mi mor!

Å tru den tidi fekk rundt seg snutt,
du mor!
Eg reknar time og kvar minutt,
du mor!
Å kunne eg stige med sjumils-stìg
og sitja ei ørliti stundt hjå deg,
du mi mor! -


(tekne frå bolken "Veslemøy ventar" i Haugtussa)

Merknad: Mor mi hev ikkje gikt. Og eg vil gjerne verta sporv, um nokon kann hjelpa meg med det.


Og! Godt år til dykk alle i hop!

8 kommentarer:

Engeline sa...

Godt nyttår, både til deg og Garborg! Og nå gjorde du meg glad igjen, jeg er så glad i mennesker som siterer Haugtussa! Men hva med strofen om katten? Det er jo nesten det fineste, eller i hvertfall like fint som spurven og sjumilsstegene!

Engeline sa...

Godt med en oppdatering, forresten. Jeg var nesten litt bekymret for deg, tenkte jeg skulle ringe deg. Nå tror jeg at det får vente til du kommer tilbake, jeg har litt telefonskrekk.

Anonym sa...

Åjøssånøfyse. Bekymra? For meg? Eg er i fint driv. Dreg forresten uppatt til Nidaros i dag. Eg kjem i hug at eg kanskje ikkje svara på ei filmkveld-melding. Eller? Neste sunndag er eg med, same kva!
(dessutan hev eg kjøpt "Mumintrollet og det osynliga barnet" - med originaltale (for det er vel finsk-svensk, og ikkje finsk som er det upphavlege målet?)

Jau, no skal eg leggja til verset med katten. Når folk som kommenterer so jamt og samt kjem med ynske, so lyt ein då taka umsyn til dei.

Hei hå, og god måndag til deg!

Engeline sa...

God mandag, skjønt det kanskje er blitt tirsdag nå, tilbake! Og ta med mummi neste søndag, Tove Jansson er den tøffeste!

Anonym sa...

Eg skal taka med Mummi.
Og eg gler meg til film-sjåing med dykk.
:)

Sunniva sa...

Akk..haugtussa. Nydelige greier!

Anonym sa...

Savner mamma mye mer enn jeg trodde jeg gjorde.

Anonym sa...

Ja.
Best å ikkje tenkja so mykje på det.
Litt tidleg å gør-gle seg til påska.