torsdag 13. desember 2007

Alfarheim

Eg er i Elverum. Ferdi heim tok til frå Nidaros kring 10.00, og klokka 12:12 den 12.12.07 (sanning!) bytte eg tog på bergstaden Røros. Sidan strauk toget og eg ned Østerdalen, og millom Alvdal og Atna móka me ned eit rådyr. Eg kjenner meg nøydd til å gjeva att ordi frå tog-køyraren: "Eh ja. Vi kjørte over et lite rådyr. Det er stein dødt [ikkje "steindødt"]. Men je får vel rydde det av skinnegangen..." Fylgjeleg sprang alle (serleg kvinnfolki, og då serleg dei frå Bææærrgen (som hadde vore på firma-ferd og openbert kjende ei ovsterk trong til å fortelja um det, (me veit alle kva slags typar eg meiner))) burt åt rutone for å leggja augo på dyret. Det fekk dei ikkje gjort, med di det låg attum vognene. Ja. Men det var like fullt ei frygd å sjå kor mykje eit daudt dyr kann kveikja trøytte ferdarar. Kor som er, eg kom meg fram og hev endeleg funne jolekjensla. Jol vert det ikkje utan handball-mesterskap, serru. Og slikt er vondt å få med seg når trønder-hybelen er fjerrsjå-fri. Meir um Alfarheim kjem seinare, no vantar eg lineskift-tasten og lyt stogga her av di eg ikkje tykkjer um lange tekstbolkar. (Heitt råd: jolenummeret av Flåklypa. Eit slikt teikneserie-hefte, veit'u. Gjæve greidor!)

5 kommentarer:

Engeline sa...

Til bergensernes forsvar, så har de sikkert aldri sett et rådyr før, død eller levende. Eller kanskje de har sett et dødt rådyr før, innpakket i plastikk på ICA, eventuelt i brun saus hos bestemor, men det er liksom ikke helt det samme. For en bergenser er en bambi i bambifigur usannsynlig spennende og eksotisk, noe en ellers bare har sett på idylliske disneyfilmer en gang i sin tidligste barndom.

Anonym sa...

Takk! Der fekk eg den! Nei, då, det var sjølvsagt ikkje berre dei. Men det skal segjast at det var desse kvinnfolki som var minst blyge og kasta seg framum (mest yver fanget) andre passasjerar for å sjå betre. Hehe. Men moro var'e læll!

Engeline sa...

Skrekkelig og morro i samme åndedrag - kvinnelige versjoner av Sid, kanskje? Eller kanskje kusiner?

Anonym sa...

Eg lika lokføraren, han syntes å vere stø og grei.

Anonym sa...

å, jau då, føraren var gærgod. me kom fram i tide, endå toget køyrde ti minutt for seint ut frå Nidaros. me laut rett nok byta lokførar på tynset; han fyrre hadde gløymt att telefonen eller noko på røros. tjohoi.