onsdag 18. januar 2017

å skoda hunden

Det heiter seg at ein ikkje skal skoda hunden på håri. Eg vil leggja til: Ein skal ikkje skoda hunden på kvilestillingi heller. Her, til dømes, skulde me tru at hunden ligg fullt avslappa og tek livet med ro, og at augo hans ser retningslaust ut i romet medan han nyt merksemd & massasje. 


MEN NEI! Augo er fikserte på matmor burte ved kjøkenbenken, og um lag 1,8 sekund etter at dette bilætet vart teke, stod han ved benken og faus på nokre kjøtbitar.


Elles hev han fenge fine sokkar som han nyttar på skidturar, der han spring og spring og spring og spring og spring.




2 kommentarer:

Anonym sa...

God apetitt og gode sko -eg ser han er godt ivareteken:det er viktig på kalde vinterdagar!A.S.M.

fridtun sa...

Han lid ingi naud, nei!