torsdag 9. juni 2016

ny hund i hus

No er det kome nytt liv i barndomsheimen til husmori! Nytt dyreliv, i alle fall. Han heiter Metz og er fødd i Stryn, men no er han elverumsing (med fritidsbustad i Engerdal). Husmori og nettnerden hev ikkje helsa på honom enno, men dei hev fenge bilæte og tykkjer han ser snild ut.



Her ligg han i graset med yngste syster si.




Han berre: Sjukt mykje mat ass!



Flink til å leika med potta.



2 kommentarer:

Anonym sa...

Gratulerer!Han har eg lyst å helsa på og leika med!Anonym svigermor.
PS.Det førre innlegget vart eg mållaus av.Umogeleg å kommentera.

fridtun sa...

Både helsing og leik skal det full' verta ei råd med!

Ja, anonym fru lét meg sjå ei tekstmelding du sende um målløysa, og det er heilt i orden. Det er truleg noko av det beste eg hev skrive so langt i livet. Deel 2 kjem vonleg um ikkje so fælt lenge.