fredag 22. april 2016

surring

Det er ei stund sidan dei fyrste insekti tok til å røra på seg, og det hev jamvel vore insekt i vevritet til nettnerden. Husmori tykkjer det er trivelegt med liv i lufti. Fint for fuglane er det òg. Men i dag er det ikkje flugor og slikt ho skal skriva um, det var berre noko ho kom til å tenkja på då ho las eit stykke i dagboki til Olav H.H.

Noko so råkande! tenkte ho. For husmori hev ofta slik ein ubøygjeleg trong til å skriva, ikkje poesi, vel å merka. Skriving er det då lika fullt. Men ho hev ikkje visst korleis ho skal skildra det. Skrivekløe? Jau då, greidt nog. Men Olav-en segjer det betre, i ritet frå 3.2.1948:

«Det er ein surr i deg, ein veldug urgrunn av kjenslor, som krev form.»

Just det. Ein surr i deg. Urgrunn av kjenslor. 

Men det endar ikkje der. Husmori sat og høyrde på ein gamal Kent-demo då ho skreiv dette innlegget, og so, nett so da sko vò telaga, kom desse ordi or høgtalarane:

Stora flugor surrar omkring
hör du ingenting, ingenting, ingenting, ingenting?

Husmori veit ikkje korleis ho skal tolka dette. Eit nærliggjande framlegg er: DET VART BERRE SURR.



2 kommentarer:

Anonym sa...

Humlesurr mellom krokusane i sørveggen til stor glede for tanto

fridtun sa...

Nettopp! Verdi er tent med både humlesurr og Humlesnurr.