torsdag 3. mars 2016

hoppa, sa katta

Denne vetteren hev husmori og frua havt mykje med huspusen å gjera, sidan eigarane hans hev ei hytta dei gjerne fer til i helgane (no som det er snjo?). Huspusen er på alle måtar husvarm, og jamvel om han kann vera litt trøyttande og uskikkeleg, hender det at han tek skikken dit han kjem: Han ser på hopprenn med husmori.






Astor: Kva ser me på no?
Husmori: Gjentone hev renn i Ljubno.
Astor: Og kven heiar du på?
Husmori: Nei, det er no moro å fylgja med på ho Maren, då.
Astor: Eg heiar på ho slovenske, eg.
Husmori: Ho slovenske? Dei er fleire av deim, veit du. Maja? Spela?
Astor: Nei, Kattja.
Husmori: Du meiner Katja? 
Astor: Nei, eg meiner Kattja.
Husmori: Akk ja.



2 kommentarer:

Anonym sa...

HA,HA!!Anonym svigermor(som har gode skiskytingsdagar!)

fridtun sa...

Ja, det er mykje ski å sjå for tidi, både for folk og fe!