onsdag 15. oktober 2014

burte bra osb.

Heimeskrivande husmor er no godt inne i den fyrste fulle heimevika si på ei stund (nærmare jol fær de ferdayversyn for året som fór, tradisjonen tru). Då kann ho sitja inne på skrivekotet sitt og arbeida i ro og mak. Ho-ho-ho! Sant å segja sit ho gjerne ved kjøkenbordet òg, mang ein Prøysen-stubb er skriven der. Med penn og papir og bøker utyver heile bordplata. Det er no slikt arbeid som hugar henne best. Ja, i det heile lyt ho sanna at heimelivet byd på mange gledor. Til dømes:

- ei samrøda med Mikkel/kjetto (men i dag skulde han visst spy att)
- høglydt jubel frå nettnerden (av di husmori hev skift på sengi)
- ange av nybaka braud (made by nettnerden)
- å spela høg musikk og gaula attåt (huseigarane var ikkje heime)
- kattepass (av di huseigarane ikkje var heime)
- tvosam lesestund i sofakroken (men med kvar si bok)
- gratis og lett tilgjengeleg kaffi (som smakar godt)
- P2 til frukosten (det er mogleg burte òg, då, men)
- det er stilt! (når ho ikkje spelar høg musikk)
- nettnerd som fær A+ på islendskleksa (rosalega flott!)

So det.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Helsa nettnerden og gratulera med A+!Slik karakter har mora aldri fått.Og kjem aldri til å få.
Fekk elles lyst å smaka nettnerden sine brød.Helsin anonym svigermor m/hytte

fridtun sa...

Ho fekk A+ i dag òg! Gløgg, ho der. No kom no nett heim - med to posar mjøl i sekken! Her vert bakstestova frametter, skynar eg.

Anonym sa...

Mitt bu, min heim, min keiserdom.. Her er det lite brødbaking for tida, men i dag har tanto ei form med ymse grønsaker i steikjeomnen. Son og make skal få ei umåteleg god suppe når dei kjem til middag!

fridtun sa...

Åhå! Suppa, det er ikkje ofta me hev slikt her i garden. Men det hender. Gjerne av typen "variasjonar yver tema frå Frå bollar til burritos-boki".