søndag 15. desember 2013

husmormote

Godtfolk! No kjem stundi de hev venta på: Med stød hand skal husmori og maken gjeva dykk ei rikt illustrert innføring i siste nytt på husmormotefronten. Som det heiter på sidemålet: Her er intet overlatt til tilfeldighetene! Med friske fargar og sidrumpa stilongs viser dei korleis kokekunsten kann gleda augo like mykje som smakslaukane.


Nærlesing av uppskrift med matchande
forklæde og uppvaskkost. 
Og boki? Frå bollar til burritos.


 Nærlesing av ei onnor kokebok som er mykje
nytta i heimen. Vanleg ordbyte millom makane:
"Kva skal me ha til middag i dag?"
"Me spør Gunda!" (signert utgåva)


Utdrag frå Smalhans-boki hennar Gunda. 
Merk ordet husmødrer midt i bilætet.
Men det er ikkje chili con carne makane lagar.
Kva kann det vera, tru?


Her er det likt til at husmori skjer paprika so snøgt
at fingrane vert skamfarne. Slikt driv ho ikkje med:
Etter eit ublidt møte med ein kjøkenkniv 
i heimkunnskap i 6. klasse, skjer ho 
seint og varsamt. 


Under forklædet finn me husbunaden:
slapp stilongs (visest ikkje so godt her)
og anonymt spøtte labbar.


Glimt frå millomvasken. 
SJÅ ALT SOM MATCHAR!


Programleidarar i fjernsynet skifter kjole jamt.
Husmori skifter forklæde.
Men det skal matcha kosten.


Grønt og rosa og lett knekk i knei.


Endeleg ser de godsakene: 
Ein marokkansk vegetarrett som snøgt fekk namnet grapsegryte,
og som endåtil vert laga i gryta hennar mor.
Legg merke til dei frekke kontrastane i samspelet
millom gryteklut, steikespade og grønsaker. 


Ho mor ho kveikjer alle ljos.
Kjole uppe i vinstre hyrna.


Megamatch frå topp til labbetå.
So er det berre å hogga innpå, 
eller som det heiter austanfor:
"Skjer og et, fins itte ben!"




5 kommentarer:

Anonym sa...

Nei og nei for ei høgtidsstund det vart bakom døra på soverommet!Eg vart mest mållaus men lyt kommentera kort medan det er fekst:Det som gjorde meg mest imponert var ordet og handlinga "millomvask",og at de nyttar gummihanskar!For ikkje å snakka om den nydelege fargen på dei! Det er mogeleg det kjem fleire innlegg når inntrykka har lagt seg noko. Anonym kjærastmor.

Anonym sa...

Kjekt å sjå at du held liv i høgnorsken!

fridtun sa...

No, det er helst anonym kjærast som nyttar hanskane, eg nytta dei berre denne eine gongen, trur eg. Spel for galleriet! Men millomvask brukar eg jamt. Veit ikkje kvar eg hev det frå, men det er ei fin verksemd: Når alt er vel uppe i gryta, panna eller liknande, kann den eine passa varmen og røra um eller dekkja på, og den andre vaska upp. So slepp me ein ovdiger vask etter middag, me uppvaskmaskinlause.

Men kven er den anonyme som rosar meg for høgnorsken? Takk, i alle fall! (Jamvel um eg ikkje er den einaste som likar å bruka dette målet.)

Anonym sa...

Lyt nett nemna at då tanto i si tid var elev på husmorskule, var millomoppvask ein høgt vektlagd aktivitet. Ikkje å undrast over at Husmori held seg til slik god tradisjon! Medan eg har ordet lyt forkleda nett nemnast: på dei vidkjende pizzaseminara på Strondi er det påbode å nytta dette, etterkvart undervurderte plagget. Tenk kva ein sparar av klesvask! Tenk miljø!

fridtun sa...

Aha! Eit år eller tvo på husmorskule hadde vel gjort godt for mange, tenkjer eg. Sjølv er eg hjelpelaus når det kjem til nål og tråd og garn (gadn segjer anonym kjærast, gån heiter det austanfor) og den slags, men det kjem seg. Til dømes hev eg lært å bøta labbar. Men krossting kann eg, då.

Og klædevask! Det var noko me nyleg tala um her i heimen: Kor ofta mødrene våre må ha køyrt vaskemaskina upp gjenom åri. Imponerande!