lørdag 9. november 2013

fridtun (hus)morar seg: kids spessial

Ja, de såg rett: Husmori fylgjer straumdraget i samtidi og nyttar kids i stellet for for ungar, born, småtassar og dilikt. Dei som liver tett saman med husmori, veit at husmori elskar å fortelja soga um dette ordet, og no ser det jaggu ut til at høvet byd seg att! Ja, for emnet ho skal dryfta her, er just ferske verdsborgarar.

Kor som er: Ungdom i dag (og vaksne folk som prøver å verka yngre en dei er) nytter gjerne kid, kidden, kids, kidsa, venteleg etter påverknad frå engelsk. Men korleis kom kid inn i engelsk? Frå norsk. Eller nordisk då, rettare sagt norrønt. Kið heiter det i det gamle målet vårt, kid heiter det i landsmålet hans Ivar Aasen, kje heiter det i dag. So då veit de det: Kid tyder i grunnen 'geitunge' (killing = kid-ling). For nokre hundradår sidan tok engelsmennene kið inn i målet sitt, og utpå 1500-talet var det vanleg slang å nytta kid i tydingi 'menneskebarn, unge'. Og no er ordet kome inn att i norsk i den tydingi.

Men dette var no berre ein avsveiv, hovudemnet er som sagt småfolk. Husmori hev ikkje slike skapningar sjølv, men det er uråd å ikkje støyta på dei, og no kjem tvo stubbar som vonleg kann gjev dykk noko å gledjast ved denne sermerkte laurdagen i november (sermerkt av di husmori føddest på denne dagen for 26 år sidan, so det er ikkje reine slumpen at det dregst um småfolk just i dag).


FYRSTE STUBBEN
Husmori hev som kjent ein make, og denne maken hennar tek buss oftare en husmori. På bussen er det stundom kids, og stundom er dei slitsame (serleg éin unge hev merkt seg ut til no), og stundom er dei morosame. Ein dag i oktober kunde maken melda um ein unge som fylgde bodet um å tenke sjæl.

(På bussen)
Unge: Hva står det der?
Mor: «På gjensyn»
Unge: «På gjensyn»?
Mor: Ja, «på gjensyn».
Unge: Er det ikke bedre med «God gjensyn»?

Her hev med ein språknerd i emning, kommenterer maken.


ANDRE STUBBEN
Husmori er ikkje berre husmor; i haust vart ho jamvel gudmor! Eller luvemor, meir presist. Son åt ein nær ven vart døypt ein solrik dag i september, husmori fekk gleda av å taka av luva fyrr ungen skulle få vatn på skallen. Trufaste lesarar av bloggen til husmormaken hugsar vel at husmori spela ei stor rolle i ein av dei underlege draumane til maken, der husmori (òg kalla Reven) ikkje kom heim fyre di ho vilde vera med på nattverd og bønemøte. Vel, i dåpen var det jamvel nattverd, so no fekk maken sjå husmori taka del i nattverden PÅ EKTE. (Og maken er av «hedensk herkomst», so det var nog sterk kost!)

I alle fall: Husmori hev fenge løyve frå dåpsbarnmori til å leggja ut eit lite blinkskot frå dagen. Den raude veggen bak henne er sudsida av Elverum kyrkje, der husmori sjølv vart døypt og konfirmert.





9 kommentarer:

Engeline sa...

Nytt innlegg! Så mye fint. Fra etymologien i begynnelsen til killingen på slutten, alt var bare godlesing nå før leggetid. Jeg er stadig mer i tvil om jeg egentlig liker folk, men kids vet jeg at jeg liker. Det er bra med småfolk, særlig når de ler.

fridtun sa...

JA! Kids som ler - det må vera den gleda smittar lettast. Geitungar kann òg lyfta ein dag mange hakk, tykkjer eg, dei er so spretne og rare.

Engeline sa...

Ja! Jeg liker også geitekillinger. Kort oppsummert liker jeg egentlig kids nesten i alle former. Som damen en gang sa om lillebroren min (mens hun runket på nesen over hudfargen hans) "De er så søte når de er små".

fridtun sa...

Ho tok den, ja. Og det er uråd å segja imot henne.

Engeline sa...

Den gang ei. For min mor så vennlig på damen og sa "det var sikkert du også". Den forsakte, lille venninnen til damen fniste brått og høylytt.

fridtun sa...

HERLEG!

Engeline sa...

Det er kanskje den mest populære familieanekdoten vi har. Og det er fritt frem for å fortelle den/ bruke teknikken i trengsmål.

Anonym sa...

Tanto kjem i hug ei bestemor som henta barnebarnet i barnehagen. Bestemora og styraren ( tanto) veksla nokre ord om born ved grinda, og bestemor sa: dyr har ungar, menneske har born. Eg veit ikkje kva ho ville meint om kids...

fridtun sa...

Ja, det skulde vore kjekt å høyra kva ho meinte um den saki!