torsdag 20. desember 2012

heim til jol

vakna med den allra kjæraste i Bjørgvin
styggtidleg (men ho vakna lenge fyre eg),
taka avskil medan dagen tek til,
fjuka yver fjell og vidd og langsmed Mjøsa,
koma heim til ein hund som uler av attersynsfrygd
og heimebaka braud og brunost og kaffi og renna
på skidor i skogen med mor, pusla med skriving,
eta pannekakor og sjå barne-tv og uppvasken
gjeng lett som ein leik
kjenna elskhugen som eit sog i bringa
eg fortalde at eg hadde vore
i Nidaros, Bjørgvin og Oslo på éi vika;
veslesyster fortalde ho hadde vore
i Melbourne, Sydney, Shanghai, Beijing, Moskva på tvo dagar. 

4 kommentarer:

Engeline sa...

Ååå. Den neste boken din _må_ bestå av disse små tekststykkene. De er magisk fine. Hjem til jul, såvisst. Du fanger inn essensen av hva det er å komme hjem til jul.

Vet du hva det minner meg om mest av alt? Sånn bortsett fra at det minner om deg selv?

Dette minner om Märta Tikkanen på hennes beste.

fridtun sa...

Du store! Märta Tikkanen har eg ikkje lese noko av, undanteke dei småe artiklane ho hev havt på prent i Klassekampen. (Trur ho hev slutta som spaltist i Bokmagasinet no?) I alle fall: Takk! Det er veldig fint å høyra slikt frå ein garva bokelskar.

Ragnhild sa...

Du fangar visst essensen av småsystrer òg!

fridtun sa...

Gildt at du tykkjer det! Ja, dei er nokre djerve og tiltaksame gjentor.