Min kjærast er søtar enn sydlensk vin
og ljuvar enn sol kan skine.
Men den som vil skòde kjærasten min
lyt låne au'a mine.
Ho er så mjuk i sitt ljose lin
som ulla på vårklypte sauer!
Men den som vil skòde kjærasten min
lyt låne mine au'er.
Or Bygdeviser (1970) av Åsmund Sveen
tirsdag 17. juli 2012
onsdag 11. juli 2012
ekki múkk
Eg hev havt nokre makelause dagar i fjellheimen. Andedrått & hjarteslått. Sidan dess hev eg butt i Valtari (2012). Til dømes «Ekki múkk» ('Ikkje ein mukk'):
Norsk tyding (ein freistnad):
urøynleg
du syner deg for meg, ingen andre
og vert til ingen
me held anden
so lenge me fær ro
me læt att augo
me held fyre øyro
høyrer ikkje ein mukk
andedrått
hjarteslått
me dukkar ned i anden
og legg oss
Norsk tyding (ein freistnad):
urøynleg
du syner deg for meg, ingen andre
og vert til ingen
me held anden
so lenge me fær ro
me læt att augo
me held fyre øyro
høyrer ikkje ein mukk
andedrått
hjarteslått
me dukkar ned i anden
og legg oss
Abonner på:
Kommentarer (Atom)