torsdag 16. februar 2012

scenor frå eit nynorskliv. fritt etter minnet.

Laurdag for snaudt tvo vikor sidan skipa Norsk Forfattarsentrum til eit makelaust storhende på Trondheim folkebibliotek. Den gjævaste barnebokskalden i landet no for tidi - ja, i utlandet òg, er det likt til - kom og skulde lesa frå sitt store opus Vaffelhjarte (2005). Alle hjarto gledde seg. Heile åtti vonfulle sjæler møtte fram, og ingen fór vonbrotne heim. Me flirde oss skakke. Og me som alt var skakke frå fyrr, vart endå skakkare.

Vel, verdi er som kjent ikkje so stor; i alle fall er ikkje nynorskverdi det. Her er ei ugløymande scena frå dette laurdagsgildet. (Du og du so kry eg vart!)


SVEISEN

Dei som er med:
Tilskipar frå Norsk Forfattarsentrum (GSB)
Barnebokskald (MP)
Eg (KF)

Garderoben utanfor Rådhussalen i biblioteket. GSB og MP stend i lågmælt samrøda attmed vindauga. Sjølve salen tek til å fyllast med ungar og foreldre og ein og annan student. KF kjem inn i garderoben og skal henta noko i jakkelumma si. Ho finn det, og er på veg ut att.

GSB: Kristin! De må helsa på kvarandre.
KF: (fortumla) Øh...ja! (kjem burt og retter fram handi) Kristin Fri...
MP: Åå! Er det DU!
KF: Ææhh?
MP: Ja, eg les deg i Dag og Tid. Men, hev du klypt deg?!
KF: (lamslegen og mållaus) Hee...
MP: (smørblid)
KF: Jamen i all verdi, korleis...
MP: Du hev stuttare hår en på bilætet i spalta.

...og dimed enda det med at me tala um håret mitt, og den nasegruse dyrkingi mi av denne fagnaskalden kom mest i skuggen. Maken! No hev eg helsing frå henne i boki mi, og årsens (til no) beste laurdagsminne.

7 kommentarer:

dativfleirtal sa...

oioi! storveges! lat meg nett få nevna at tanta mi truleg er endå-eit-hakk-over-MP-engasjert i den spalta di. ho har klypt ut og hatt inn i perm for å seia det slik.

dativfleirtal sa...

...rart ho greidde å halda seg i skinnet på den forfattartilstelninga, eigentleg.

fridtun sa...

Å! Eg er so nyfiki på korleis denne tanta(er ho morsyster eller farsyster?) di er! Det gjer meg so inni hampen glad at nokon likar desse små tullestykki mine. Serleg fordi eg hev lagt lista so høgt at eg sjeldan er heilt upp nøgd med deim. Du MÅ helsa henne!

Engeline sa...

Dette bekrefter enda en gang teorien min om at bra kjendisfolk liker bra kjendisfolk, og omvendt.

Vaffelgullhjerte <3 !

fridtun sa...

Det kan so vera! Men kjendis er no å taka svært hardt i (for min del, altso). Moro var det i alle fall. Og guri, for eit sjarmerande menneske!

H. sa...

Maria er god:)Eg trudde du alt hadde møtt ho frå tida i Bergen(pre 2008).

fridtun sa...

Hm! Ikkje som eg kann hugsa, i alle fall - men so hadde eg ikkje lese noko av henne på den tidi, berre sét og høyrt namnet. So kven veit! De studerte radt samstundes?