torsdag 25. november 2010

undrast kven han var...

...han som sat med fjørpennen sin og krota ned den soga eg sit og syslar med kvar dag. Eller, krota er fulla ikkje rette ordet, for det var gløgt uttenkt og godt utført, verket hans.


Når me sit slik med eit verk, anten det er ei soga hell ein roman hell eit dikt, og borar oss inn i det og snur og vender på det, so lenge og med so mange tankar og trådar fljugande gjenom skallen, er det lett å gløyma at det var ei hand som fekk det i stand. Ei vanleg, varm hand som tok burti braud og dører og barnekinn, just som andre hender.


Eg tenkjer litt på desse hendene når eg takomtil ser på handskriftet (eit av mange) av soga um Kroka-Rev. Det er ikkje eit av dei vænaste handskriftene, og langt ifrå eit av dei eldste og gjævaste. Men det er no eit gamalt skrift lell, skrive ein gong millom 1660 og 1675. Og eit gjævt skrift, av di eg kjenner so godt til soga som skriftet fortel um. 


Du kann skynja det at du skal få sjå godsakene. Bilætet (eller, faksimilen) av handskriftet AM 552 f 4to fann eg her.




Fint, eller kva?

4 kommentarer:

Ivar sa...

1660-1675, ja. Det forklarer kvifor skriftbiletet var litt uvant, jamvel om det var leseleg. Eg ser soga finst i mange handskrifter (http://sagnanet.is/saganet/?MIval=/ManuscriptSagasB&language=icelandic&STitle=Kr%F3ka-Refs%20saga), arbeider du med stemma òg?

fridtun sa...

Høhø, nei, ikkje i det heile. Berre ÍF (som byggjer mest på Stockh. Perg. nr. 8, 4to og ÁM 471, 4to). Ja, eg såg at målet var islendskt snarare enn norrønt, men eg tok meg ikkje bryet med å leita etter eldre handskrifter. So gildt at du gjorde det!

Ja, det finst ein brote handskrifter. Islendingar flest hev tykt mun i soga, men det hev visst ikkje granskarane ansa stort etter...

fridtun sa...

(ja, ikkje berre målet , men òg skriftbilætet , som du segjer. Hau, denne paleografien sit langt inne)

Ivar sa...

Du er inne på eit forskingsprosjekt der! Gjennom å sjå koss sogor som helst vart avskrivne nedgjennom tidene (overleveringsproblemet er no so, men det er i alle fall i NOKON mon tilfelleleg kva som enno finst), driv ein på ei vis resepsjonssoga: Kva ville folk høyra um? Eg såg at i eine handskriftet fanst attåt Soga um Krók-Ref Ölkofra þáttr, ei onnor artig soga som fulla hev vekt åtgaum gjennom åri.