fredag 25. desember 2009

uppreist mot heteronissane

Eg er, som kjent, skeiv.
Eller skakk, ænnsjles ('annleis'), homo og so burtetter.
Eg hævdar ikkje at eg er noko sermerkt eller at eg er serskilt interessant som menneske av di eg er skeiv. Men, eg trur eg er meir merkt av at eg er skeiv en syster mi og mange andre er merkte av at dei er "rette"/"i vater".

Det er tolleg greidt å vera skeiv.
Det gjekk godt å fortelja det til skyldfolk og vener, so godt som det kunde.
Det er ikkje mange merknadene og spitordi eg hev fenge.
Det er ikkje serskilt vandt og vondt å liva som skeiv i Norig i dag.

Det som er litt vandt og vondt, er å tenkja på den tidi eg trudde denne logande elskhugen var noko eg laut gøyma og gløypa, at eg skulde bera det med meg i gravi, at gjenta eg tenkte på og drøymde um aldri måtte sjå at eg so mykje som glytte på henne i storefri, at eg stødt måtte ljuga når folk spurde um eg hadde nokon "i kikkerten".
So eg veit noko um løyndomar.
Eg veit noko um å skulla laga rom åt noko som er so stort at det hadde sprengt deg endå um du var fri til å sleppa det ut.
Å skulla halda noko i myrker som lyser og brenn som soli sjølv.

Men, det kann vera mykje lærdom i det som er ugreidt, og no tykkjest det meg - som sagt - greidt å vera skeiv. Etter eg vart litteraturstudent, og lærde um den græske skalden Sapfo (um lag 600 f.Kr.) som heldt til på øya Lesbos og hev skrive eit utav dei gjævaste kjærleikskvædi som finst (fragment 31), so mislikar eg ikkje eingong å taka ordet lesbisk på tunga. Ordet er greidt, det òg.

MEN. Det eg brådt vart var vesle joleftan, og som eg på ei undersam vis ikkje hev tenkt på fyrr, er at det er fælt so heteronormativ jolepynt me hev. Jolenissen er som oftast kar, englane er ofta konor. Men når me finn nissegjentor, so er dei i nittiåtte prosent av tilfelli i lag med ein nissegut. Nissegjenta og nisseguten. Nissefar og nissemor.
Eg nemnde dette for 'na mor, og 'n far høyrde det fulla.
For i timane fyre joleftan tek retteleg til, innimillom skidtur og bilvask og eg veit ikkje kva, so hadde han vore og kaupt og stelt til joleprydnad - tvo gjentor. Dei heng no i lampa yver kjøkenbordet. Der heng det mykje anna òg, men dei skeive gjenteenglane trivst sers godt, det er lett å sjå. De kann berre sjå og døma sjølve:



Då er det berre å ynskja dykk alle ei skeiv og god romjol!

9 kommentarer:

Ragnil sa...

For ein far, no vart eg glad! Eit rungande ja til fleire homopar i julepynt, påskepynt, reklame osb. Og, litt på etterskot: GOD JUL, Kristin!

Zeugma sa...

Å! Dei to jentene heng og smiler med kvart sitt hjarte i handa. Dette var så vent at eg fekk tårer i augo. Tak godt vare på far din og mor di, Fridtun.

fridtun sa...

Å, de er so fine, HJARTEleg takk for go'orda. Eg skal verja mor og far - og syta for eit jamt framhald i auken av homopynt her i huset.

-kf

dativfleirtal sa...

me har ein engel som heiter rosemarie (köhn - etter ein vilkårleg, men ekstrem likskap) som sit på stasplassen på jolekrybba. det må vel kunna seiast å vera ganske skeivt, endå ho ikkje har nokon partnarengel som høyrer til).

kjenner eigentleg ikkje til slik par-pynt du nemner (jente- og nissegut), her går det mest i ting me har produsert opp gjennom tidi. særs vandt å kjønnsbestemma desse.

god jol!

fridtun sa...

å, ja, denne barnelaga pynten hev mor mi stegvis teke til å rydja burt og skifta ut med meir solide, innkaupte saker. so her er det rikeleg med parpynt. men når du nemner det, eg saknar litt all denne pappen og skakk-klypte filten og det der. hm.

dativfleirtal sa...

du må laga nytt! ho kan ikkje rydda vekk noko som ein vaksen unge har laga i beste meining og fullt alvor ;)

fridtun sa...

ach so.
eg skal bu meg betre til næste jol, og slå til då.
joleprydproduksjonsmafiaen.

Engeline sa...

Neste år kan vi ha juleverksted, for jeg vil også ha skeive engler blant julepynten. Og skeive julenisser og skeive trær. Du er så fin, så fin, jente! Og etter denne posten å dømme har du det ikke etter fremmede. Dette var årets fineste julepost.

fridtun sa...

Ja! Eg vert gjerne med på joleverkstad. Alt som eg lagar til med hendene vert stort sett skakt og skeivt uansett, so her er det von til stor skeiv-engle-pynt-tilverking. Strålande.
Og takk for gode ord, både til meg og til den uframande som eg hev finleiken ifrå.


-kf