søndag 21. juni 2009

hjartans djupaste lengsel

Það er sumar á Íslandi.

Og dagane renn som sand millom fingrane,
dei fer fram utan eg ansar det, snøgge som elden,
no er fyrste helmingen av Islandskeidet attum teiknaren.
Her er alljamt ljost. Kvar dag er lika bjart som han er lang, endå den blåe og gråe himilbunaden skiftest um rumet på kvelvingen.
Fylgjeleg er her ikkje mykje myrker og angst og otte å tala um.
Eg etlar lika fullt å skjenkja i eit Olav Aukrust-kvæde åt dykk,
for han var slik ein storgild, kjenslevar skald.


Hjartans djupaste lengsel brenn
i myrkret med natt mun lide.
Men ljuvleg er det når soli skin,
då raknar so mang ei kvide.

Redd gjenom natti eg Rimfakse reid,
og burte var stjernor bjarte.
Då rann det sol over helut hei,
då rivna natti den svarte.

Skinfakse reid eg, og jordi skein,
og alt som på jordi drøymde,
blomar og hjarto og klaka stein,
og gleda or augo fløymde.

Jordi sprengde sin drake-ham,
eg tykte ho skein forklåra
og sumde som skinande svane fram,
ja, frigjord og sigers-kåra.


Gott kvöld!

4 kommentarer:

Ragnil sa...

Fridtun, du er flott. Fordi du skriv så fint og fordi du gjev oss dikt av (lomværen)Aukrust. :)

fridtun sa...

Ragnil! Sjå, det var lenge sidan! Jau, takk for at du stendig held fram med å gjeva grom-ord. Og det er framifrå å ha ei(n) å dela Aukrust-vers med. Eg vonar du hev havt ein glitrande sumar so langt :)

Sunniva sa...

Nydelig! Rett og slett. Alitterer meg! :P

fridtun sa...

Alitterer deg? Hur gör man så? Eg gjer det gjerne! ;)