lørdag 28. april 2007

Lydspor: sjufyrasju

Eg har eit album som heiter Isola. Det er ei plate eg sett veldig høgt, difor er det kanskje rart at ho berre står i andletshøgd i cd-hylla mi, eg er jo knapt 163, og det på ein god dag. Men eg vil ha Isola rett framfor auga. Ikkje det at eg spelar albumet sjeldan og treng å bli minna på at eg har det, nei, men eg spelar det oftare viss det står der, eg får det liksom midt i fleisen, og kvar gong plata snurrar i spelaren tenkjer eg "No var det jammen godt du dukka opp".
Isola. Ikkje island, ikkje île, ikkje Insel, isla, insulo eller noko så enkelt som ö. Eller øy, då, for den saks skuld. Nei, Isola. Eg tenkjer isolasjon.
Før eg fekk albumet, var det italienske ordtilfanget mitt lik null. No kan eg i det minste eitt ord. Isola tyder øy. Og eg held fram med å tenkja isolasjon. Kanskje ikkje så rart, den tradisjonelle definisjonen på øy er ein landflekk med vatn rundt. Landflekk er kanskje ikkje heilt rett, ein finn jo øyar i alle storleikar. Alle kontinenta er vel eigentleg øyar, når eg tenkjer meg om. Land med vatn rundt. Den klassiske øya. Ein isolert landklatt.
I syntaksboka mi står det óg noko om øyar. Eg trur ikkje førekomsten av palmar, nedgravne skattar og kannibalar er særleg stor der. Men det spørst kanskje korleis ein ser det. Eg les at dei syntaktiske øyane er undersetningar som ledda ikkje kjem seg vekk frå. Leddet er stranda på ei øy, sitt fast, kan ikkje tematiserast, skipet har sokki, toget har gått, bilen er tom for bensin. Hah. "Heile verda fryktar du truleg tanken på ein katastrofe som kan øydelegga". Ja visst. Heile verda er stuck.
Men albumet. Det er som ei øy. Som isolasjon, som avstenging. Friviljug einsemd. Eg liker det så innmari godt. Og viss eg sløkkjer lyset og skrur opp lyden... Då er mørkret vatn og musikken jord og vêret kan vera hur fan som helst, for eg forstår akkurat kva Jocke meiner når han syng "Vi är på väg till Isola". Du & jag, eg og ingen, eg og alt, eg og eg og eg.
Det er fint å vera litt ego. Setta ei øy i spelaren og stranda seg sjølv. Berre litt. Berre nok til at det er godt å vera åleine og godt å vera med andre. Då er eg nøgd. Då er eg eg.

8 kommentarer:

Anonym sa...

Nå har jeg allerede fortalt, i et annet medium, eller, i en annen kanal, om hvor godt jeg likte teksten på grunn av
1) gjenkjennelse
2) god tekst.
Her er tilleggskommentaren:
På folkehøgskolen min spelte noen fra HiL inn en eksamensfilm med han derre Seim i en av rollene. Den het Isola. Jeg trudde det var "i sola". Så det var godt å få oppklaringa di.
Takk og god
natt i
mysykylsk myrky.

Anonym sa...

Eg tenkte å nytte "i sola" på eit eller anna vis, men det vart korkje relevant eller artig. Kanskje med lit t meir innsats.

Takk for at du skreiv. André-olé.

Anonym sa...

Hvem var det som sa
"takk som skrev,
skrev mer"?
Jeg husker å ha ledd av det tidligere denne måneden.

Anonym sa...

Det var historielæraren min frå vidaregåande. Han hadde ein del slike:

Takk for at du skrev, skrev mer.
I tillegg kalla han Napoleon for "Nappe", og var skråsikker på at julenissen, St. Nicholaus, hadde slått ned noen på kyrkjemøtet i Nikea forsommaren 325.

Anonym sa...

Hei kristin. Du er snill og grei, derfor liker alle deg;) Klem fra meg

Anonym sa...

Jo takk. :) Men kven i huleste er du?

Anonym sa...

...hm, eg held ein knapp på Hege.

Anonym sa...

Ha ha,, det var meg... Ikke Hege. Nei for Ella liker deg også, nemlig!!