onsdag 30. mars 2016

glad påsk!

For fyrste gong sidan 2012 var husmori på Austlandet i påskehøgtidi. Her kjem nokre blinkskot frå dagane ved svenskegrensa, so dei faste lesarane på Vestlandet kann sjå kva me sysla med.


Det vart mykje renning på skidor.


En har ikke mer moro enn en lager sjøl, si.


Uten mat og drikke duger helten ikke.  
Husmori fer gape åt medan ho et.


Skyting med luftgevær på blink. 
Den som fekk færrast poeng, laut laga middag.
Det vart ikkje husmori, men mori.


 Hyttebokskriving i stillongs.




torsdag 3. mars 2016

hoppa, sa katta

Denne vetteren hev husmori og frua havt mykje med huspusen å gjera, sidan eigarane hans hev ei hytta dei gjerne fer til i helgane (no som det er snjo?). Huspusen er på alle måtar husvarm, og jamvel om han kann vera litt trøyttande og uskikkeleg, hender det at han tek skikken dit han kjem: Han ser på hopprenn med husmori.






Astor: Kva ser me på no?
Husmori: Gjentone hev renn i Ljubno.
Astor: Og kven heiar du på?
Husmori: Nei, det er no moro å fylgja med på ho Maren, då.
Astor: Eg heiar på ho slovenske, eg.
Husmori: Ho slovenske? Dei er fleire av deim, veit du. Maja? Spela?
Astor: Nei, Kattja.
Husmori: Du meiner Katja? 
Astor: Nei, eg meiner Kattja.
Husmori: Akk ja.