tirsdag 24. mars 2015

fødd i feil hår

Etter det fyrre innlegget kom eit forvitnelegt, munnlegt innspel frå nettnerden. Nerden hev òg sét andre bilæte av den unge husmori, noko som truleg verka inn.

For i samband med blogginnlegget byrja nerden og husmori å tala um slike gamle bilæte, og då sa nerden: «Du ser liksom so utilpass ut i ditt eige hår.» 

Me lyt gjeva nerden litt rett i det. Inst inne vilde husmori vera stuttklypt, men ho torde ikkje (ikkje fyrr en ho vart russ!). So husmori hadde for det meste langt hår, utan heilt å vita kva ho skulde gjera med det. Som oftast vart det berre hestehale. Og flettor når det var nissedag på ungdomsskulen. Slikt noko. 

Lika vel dreg me det litt langt um me kallar det «fødd i feil hår»: Etter det me hev høyrt, var husmori so godt som hårlaus då ho kom til verdi. Det same kann me ikkje segja i dag. På husmorhovudet er det no so tettvakse at sist gong ho var hjå frisøren, vart ho spurd um ho var plaga med turr hovudbotn, sidan det var so tjukt med hår at det snaudt kom luft igjenom! Husmori hev ingen slike plagor, men so er ho òg varsam med sjampobruken.



 Under: anonym husmor med hovudplagg




 

fredag 13. mars 2015

ho fauk og flaug

Nyleg vart det kunngjort at vyrde Sagen legg hoppskida på hylla. (Då treng ho ei stor hylla: Skida er godt yver tvo meter lange.)

Det er leidt, men òg greidt: Ein kann ikkje spretta og flyga slik heile livet igjenom, og eg - som gav meg allereie for ti år sidan - ovundrar dei som hev halde på heilt til no. Sterkt! Men eg skyna no tidleg at ho og eg var ulikt laga: Då me for moro skuld fór upp og stod på toppen av «mammutbakken» i Planica, hadde ho hug til å hoppa der, medan eg kulsa ved tanken.

Til gleda for gamle og nye sjåarar legg eg ut eit bilæte frå arkivet:


Etter lagtevlinga i Rastbüchl 2004, der me tok bronse.
Eg skil meg ut, som de ser! Men eg òg hev ei slik 
kvit og blå huva, eg nytta ho seinast i dag. 




fredag 6. mars 2015

Mellum os at sige

Gravingi mi i gamle kjeldor hev no teke meg til 1600-talet og «vår første Poetinde», Dorothe Engelbretsdatter. I dei fyrste studieåri mine hadde medstudentane og eg mykje moro med henne, serleg godt lika me at ho kalla karane for «buksefolket». Som her, i eit rimbrev til madam Bladt: 

Mellum os at sige, 
Huor af buxe-folcked vill 
Giøre sig for meget till, 
Bør vj derfor Vige? 
Ney huad giøris det Behof [...] 

Forvitnelegt er det òg at ho var den fyrste forfattaren (so vidt me veit) som livde av å selja diktingi si. Men dette skrivarlivet var ikkje berre frygd og gaman, for her fanst folk som såg seg høve til å laga sjuskute og beint fram elendige piratutgåvor av bøkene hennar. Då vart ho harm! I den andre (lovlege) utgåva av boki Siælens Sang-Offer la ho difor inn ei rettleiding til lesaren. Der fortel ho um ein som våga seg til å «trycke Bogen effter, paa Fuskerviis»: 

«Hand icke alleene udelucte Melodierne, men forsmædelig skamskiendte Sangene, saa halvfe Vers er forvendt, Ordenis Meening forandred og Poësis paa mange Steder forderffved, GUD til vanære, de Eenfoldige til Forvildelse. At icke derfor saadane Klauder-fauter skal tilleggis mig et simpel Quinde-kiøn, vil jeg haffve den Gud-elskende Læser henviist til første Edition jeg selff loed trycke [...]» 

Det høyrer med til soga at ho etter kamp fekk kongeleg serrett («copyright») til hovudverket sitt. Grepa dame!