fredag 21. februar 2014

lukka for norrønfilologen

er å hava ein kjærast 
som krullar seg i hop i sofakråi
og trør*
medan ho les Snorre
og lær so ho rister
av alt det undersame som ber til,
til dømes flirde ho åt
det same som eg flirde åt
jolaftan 2007,
det året me vart kjende.


* å trø = å røra på tærne, eller jamvel heile foten, fordi ein hev det so godt (eller fordi ein et noko godt)

fredag 14. februar 2014

sjåarminne frå OL-hopprennet 11.02.14*

* Husmori såg rennet i upptak 12.02.14, for på sjølve rennkvelden var ho på Litteraturhuset i Bjørgvin og preika ordsoga. Men ho greidde verja seg frå nettaviser og fjasbok og alt som kunde ha røpt endskapen for henne, so spaningi var stor då ho sette seg til og skulde sjå førkjone fljuga! No er me so sæle at ho vil leggja fram nokre brot frå medvitsstraumen sin, sumt av det som fauk igjenom skallen medan ho sat og såg på.

... so glade dei er! her kjem dei ein etter ein ålvorsame og hugfaste på bommen, i ovanrennet, i lufti, i landingi, men på sletta renn dei yver av frygd, ålvora brest og løyser seg upp i breide smil og lette rørslor hoi! der kjem Gyda, no lyt du klinka til, eg minnest fyrste gongen eg såg deg, du var fem år og hadde lilla dress, trur eg, far din sleppte deg utfyre veslebakken og du sat ihopkrøkt som ein ball heile vegen ned, og so rett upp att og hoppa meir ... ja, det der gjekk no tolleg bra, so kjem Lindsey! so tidleg? du er radt ikkje heilt i gamalt slag, då, det er mestsom eg trefte deg i går, endå det var i 2011, etter eit renn i Granåsen og du og Jessica og Coline vilde ut og drikka øl, Coline var berre femtan, for pokker! hadde lånt legget til Jacqueline, men steike ho var frisk og morosam, og vinteren 2002 då de ikkje kunde fljuga heim til statane på grunn av ufreden med Irak og de måtte bu heime hjå oss i mange dagar, og medan eg var på skulen, fauk de Elverum rundt på spark, ja, de kom no innum skulen òg, sat i klasseromet og gutane totte Jess var so snygg, og de var med til Rena på trening, de lika bakken, eg òg, han var kvass og fin, no kjem det berre slike eg ikkje kjenner, smårips, men dei er gode, alle er gode! eg hadde ikkje havt ein sjanse i havet slik eg hoppa, dei eg var jamgode med, som ho der Maja Vtic, me var jamne stødt, no hoppar ho heilt annarleis, er heilt der uppe ... Maren! deg kjenner eg ikkje, men du talar totenmål, bra, og det er'kje mange som hoppar finare enn du, kul dress, det vert rart um nokre år, når eg ikkje kjenner nokon av dei som hoppar, men det er fint å ha vore ein del av det, no dreg det seg til, Coline var bra, so kjem Daniela, eg vil du skal vinna! du er ein av veteranane, det vøre fortent um du vann, og so er du skeiv, enn um eg hadde visst dét då eg hoppa, eg trudde eg var den einaste, no er det jamt i toppen! Vogt i leidingi etter fyrste, det var litt uventa hm hm hm fanden at Sagen ikkje er med, liksom urettvist, endå idrotten er og skal vera slik, at resultati tel ... so er me i gang att, eg fær tresmak i rauva av denne stolen, men no sit eg her, det er so spanande! endå det hende i går, det er berre eit upptak eg ser og neimen er det fåe som set gode nedslag, ikkje at eg skal segja noko, eg sette juksenedslag sjølv, Maren kliv upp på lista, vonar ho vert millom dei ti beste, ja då! no vert ho dårlegast nummer 8, og so, fy fasan so spent, hjartat sprett i bringa, 104,5 meter på Daniela! aiaiai, ho vert vondt å slå, halvmiss for Insam, ho er stødt lika blid, ho, halvmiss på Takanashi, blid, ho òg, so er det Coline, du skal på pallen, høyrer du, jaddå! inn på andre, fy fasan, éin hoppar att, Daniela stend nedpå sletta og skjelv, andblæst, tenk om ho vinn, berre Vogt att, ho hev aldri vunne noko, ho, og no sit ho att som siste hoppar i OL-rennet, det er ei hard røyning, ooo det vert jamt, jamt jamt! fytti ... so skal dei visa hoppet i sakte film, ja, her skal dei halda oss på pinebenken ... det vart Vogt! ho vann! og ho græt, og dett i hop i snøen og græt med Ulrike og dei hine yver seg, og græt og græt, og Daniela er nøgd, og Coline er i alle fall nøgd, og no kjenner eg jaggu tårebekken sildra her òg.



torsdag 6. februar 2014

fridtun (hus)morar seg: kjendisnytt

Saki er radt kjend for flestalle no, men for ei hardtarbeidande husmor som ikkje hev Twitter, sjeldan er på Facebook, aldri er på vg.no og anna i den gata, hender det at sume nyhende kjem seint fram, um dei kjem i  det heile. Det liver ho godt med, men stundom kjem ho burti kjendisnytt som kveikjer hugen. Til dømes:

Den svenske skodespelaren Nour El-Refai terga mange då ho, som programleidar for ein delfinale i Melodifestivalen, kom til å lyfta armane og dermed røpte at ho ikkje rakar armhòlone sine. Sume sagde at dei helst vilde sleppa å sjå slikt i beste sendetid. Då ho seinare vart beden um å svara på lastordi mot armhòlehåret, sagde ho:

«Det växer ut där. Det var inte jag som kom på det. Det är evolutionen.»

Haha! Ja, og håri er der for ein grunn, kann husmori fortelja. Til dømes hev ho aldri vore so klam og rar under armane som dei åri ho raka håri. So veit de det.

(Korleis husmori kom burti denne saki? Det utifrå friske vevritet til Marta Breen.)