mandag 28. oktober 2013

fridtun (hus)morar seg: heimfrygd

Me hev mange ord for det å lengta heim (heimlengt, heimhug, heimfus, heimtrå mfl.), men husmori kjem ikkje på noko ord som målber den umåtelege sæla som vell fram og fyller likamen når me endeleg er komne heim. Difor sit ho no og held sleppfest (med te og ein neve mandlar) for nyvinningi heimfrygd, eit ord som vonleg vert til gagn og gleda for heimekjære sjeler kringum i landet.

Som de vel veit, hev husmori vore mykje burte i haust: Mest heile september og oktober fór ho ikring og forkynte evangeliet um Ivar/Iver Aasen eller preika um anna som hev med ord og mål å gjera. Det er ulikt husmori å halda på slik, «med denne vidtløftige Omflakning» (Aasen), ho som stødt hev lika seg best heime ved skrivebordet. Men so hev ho eit gildt heimland å ferdast i òg, då, det må ho berre få sagt. Når året nærmar seg enden, skal ho rekna upp alle stadene for dykk. Gled dykk!

Husmori hev høyrt um folk som plent «møter veggen» når dei kjem tilbake til «kvardagen» etter mange dagar og vikor på rundreis eller turné, men ho hev ikkje merka noko til det. Ho opna lett med litt kontorarbeid, attvinning av glas og metall, støvsuging, kledevask, meir kontorarbeid og litt skriving, og ho gjekk ikkje på veggen ein einaste gong (jamvel um skrivaren gjekk tom for blekk). «Fylgjeleg ser det ljost ut for meg, endå året er på sitt myrkaste», klukkar ho.

Og snart kjem det husmormoteinnlegg!


fredag 11. oktober 2013

fridtun (hus)morar seg: moteblogg spessial

De visste nog ikkje at husmori er sers uppteki av stil i klædevegen, men det er ho. I alle fall so mykje at ho og maken hev laga både eitt og tvo innlegg der dei syner fram stilen sin, som stutt sagt er «edgy» med en twist. Lat dykk inspirera!