torsdag 27. juni 2013

mjuk?

Eg hev tøygt og bøygt mange musklar so langt i livet, i alle fall i den tidi eg dreiv med skidhopping og laut vera mjuk, men andlitet hev eg ikkje tøygt meir hell det vanleg lått og gråt og anna minespel krev. Difyre vart eg både fjetra og nyfiki då lokalavisa nyleg skreiv um det tøygjelege andlitet mitt. Det gjekk til slik:

Fyrre fredag heldt eg eit lite kåseri, dei kallar, um ord og målbruk. Høvet var Volumfestivalen. I siste helvti av innlegget tok eg fram den fillutte og utslitne utgåva mi av Norsk Ordbog av far Aasen (den nye utgåva frå 2003, vel å merka, ikkje ei 1873-utgåva) og tala varmt – og vonleg klokt – um boki og verket hans Aasen. Ei bladkvinna frå Østlendingen var til stades i salen, og dagen etter kunde me lesa i bladet at eg, då eg greip boki og tok til å tala um henne, «ble mjuk i ansiktet på en annen måte». Den vyrde nettnerden og eg tok straks til å undrast: på ein annan måte? Korleides var den fyrste måten? Hev eg eit jamt drag av mjukleik i andlitet som brådt skapte seg um?

Saki er enno ikkje uppklåra, so um nokon hev tips eller vink som kann føra oss nærmare ei løysing, er me takksame.

mandag 10. juni 2013

fridtun (hus)morar seg – bolk 2

Vyrde lesarar! Den heimeskrivande husmori hev havt gode grunnar til å drygja litt med bolk 2 i denne spanande serien som ingen les utan å få merke av honom. Ho var nemleg burte frå heimen mest heile fyrre vika. Frå tysdag til laurdag fekk ho lufta seg med Nynorskstafetten, og då segjer det seg sjølv at lo lagde meir vinn på å skriva innlegg på stafettbloggen en å spinna i hop skrønor um kva som bar til i den heimen ho ikkje var til stades i. Men no er ho trygt attende i ritstova si, og ho minnest med gleda (dei annsame) dagane i Sveio, Haugesund, Vindafjord og Etne/Skånevik. Vel å merka hev ho ikkje havt høve til skriva so mykje just i dag, endå det er syknedag, av di ei kvinna frå NRK P2 vitja heimen og vilde tala um det undersame faktum at husmori ikkje berre er husmor, men jamvel husfar. Her held me lika fullt fast ved nemningi husmor, for husmoring er då visseleg gildare en husfaring, kva no dét måtte vera. Vel, røl til sides: Me er komne til andre bolken i soga um fridtun som (hus)morar seg, der lesarane fær ein glytt inn i verdi til den heimeskrivande.

Bolk 2: Innreidnad

Det er vida kjent at Iver Andreas Aasen er ein høgt elska mann i heimen vår. Kvar einaste dag den heimeskrivande husmori er heimeverande, ser ho djupt inn i augo til denne vyrdelege sunnmøringen og kjenner varmen breida seg i bringa. Det hev seg so at han heng på kjøleskåpet, der han er hugsamt kringsett og pryda med tysk kjøleskåpspoesi.




Me kann elles kyta av å hava ei bokhylla som mange berre kann drøyma um: Billy Limited Edition. Ei frygd for auga! Sjå serskilt kor godt årgangane av Syn og Segn (og ymse andre tidsskrift) høver til den friske fargen. Ja, det hender me slepper alt me hev i hendene og stend gapande i ovundring framfyre dette makelause kunstverket.



 
So skal de få sjå at sambuarane ikkje søv åleine i sengi si. Nei, då tenkjer eg ikkje på smådyri som liver i sengklædi, eller kreki som jamt kryp inn opne glas og andre glipor, men på dei tri luringane som hev vore til trøyst og gleda for oss i gode og vonde dagar i barne- og ungdomsåri. Storvaksne Preben (skrukketrollet) ber dei tvo minste, Pelle Kanin og katten, varsamt i munnen. (Hin dagen fann husmori forresten eit rettelegt skrukketroll på kjøkengolvet. Til alt hell var det munaleg mindre en Preben.)



 
Og endeleg: dei tvo stolane i stova. Me hev ikkje sofa enno, ser de, men desse stolane tener oss trufast og godt. Det feite kattadròget som bur i same hus som oss, greidde ved eit høve å laga ei liti rift i trekket på den vesle stolen til høgre, av di han grafsar so styrlaust med klørne når han kosar seg, men burtearbeidande lærar bøtte skaden fyrr han fekk veksa seg større. (Heimeskrivande husmor veit ikkje so mykje um arbeid med nål og tråd, men det skal ho jaggu få læra, segjer frøken.)




Um de no sit med spursmål av ymse slag, eller um de treng fleire råd um korleis de kann skapa ein smakfull heim som osar av sjel og varme, er det berre å taka tastaturet fatt.