lørdag 25. august 2012

skisser från sommaren 2012

Efter minnet:

Operataket, Oslo, lördag 4. august

Jocke Berg: ... och det här var faktiskt den första låten som skrevs till Du & jag döden
Tjej (bakom mig): JAAAA! Iiiiik! Den skivan är så jävla grym, fy fan, vad jag har lyssnat mycket på den, VAD GRYMT, ååå dom är så jävla grymma, fy fan alltså,  JAAAAA! Den skivan är bara G-R-Y-M! Fy faaan!
Jocke: Det här är «Mannen i den vita hatten».
Tjej — ? 
(gitarrslinga)
Tjej: JAAAA! JAAA! IIIII! Så jävla grymt! Fan, vad grymt! Jag älskar den där låten så HEMSKT mycket, så JÄÄÄÄVLA GRYMT! Åååh! Grymt!


Och du & jag håller andan
och håller händer
i språnget


torsdag 23. august 2012

bloggbløming

Ja-ja, eg tenkte eg ikkje skulde gjera det til ein vane å blogga um andre bloggar, men no gyv eg på att:

Samlaget hev skjenkt meg ei eigi leikestova på vevsidene deira, so frå no er eg å finna på Samlagsbloggen òg − i sers godt selskap.

(Dessutan hev mastermeisteren Per Esben just meldt at Norsk etymologisk oppkok er finnande i bokbudene, so no brakar det laus!)


søndag 19. august 2012

Warberg teiknar og fortel

Godtfolk! Dette er ein høgtidsdag:

Den gode venen, bokelskaren, bergensaren og medstudenten min, Silje Warberg, hev atter kvesst bloggpennen og opna vevritet Stipendiat Warbergs Liv og Bedrifter fortalt af hende selv.

O frygd! Eg ser fram til ordhage utgreidingar um litteraturen og livet (um det er råd å skilja deim åt − heller tvilsamt) i den serskilde siljeske stilen som lite anna kann mæla seg mot. Tvi-tvi! (Her er skort på raudvin (det er då sundag!), men eg lyfter i minsto tekoppen til ein vyrdsam skål for stipendiat Warberg.) 


torsdag 9. august 2012

ei god byrjing

På krav från publiken hev eg freista klæda um endå ein Sigur Rós-låt, frå islendsk til norsk målbunad. Desse karane hev aldri lege på latsida, so her nøgdi av vyrke å velja uti. Denne gongen vart det «Ágætis byrjun» frå Ágætis byrjun, fordi − ja, dette er ei god byrjing.





Ljose voner vert røynd
her me gjeng til byen,
smiler og lær, glade

Venskap og trøyttleik møtest
Me høgtidar dagen
og fagnar tvo års venting

Fjerne draumar fødest

Me et og drikk oss mette
og svarar for oss
med det me eig i dag

Me set oss ned, spende
Høyrer sjølve oss slå
i takt med musikken

Det ingen synest å høyra

Dette er heilt annarleis
Me livde i ei onnor verd,
der me aldri var usynlege

Nokre dagar seinare
talar me saman å nyo,
men ljodet var ikkje godt

Me var samde um det,
samde um det meste
Me skal gjera det betre næste gong

Dette er ei god byrjing


*

onsdag 1. august 2012

olympisk kyss (gull)

Sume av oss såg opningsseremonien (OL) fredag kveld.
Sume av oss såg «kjærleikssoga» som var baka inn
i framsyningi og tenkte
ja-ja, visst er det ei heterofil soga, visst er det det,
kar og kona, heilt greidt; det er no det vanlege −
heilt greidt, men vit at me bit oss merke i det!
Sume av oss såg rekkja av kyssescenor
som var baka inn i framsyningi.
Sume av oss såg scena der
tvo kvinnor kysste og tenkte
det der var det gjævaste med heile seremonien
og vart varme og mjuke i bringa.

Godt var det òg å sjå
at jamvel resten av verdi merkte seg
just denne kyssen.