fredag 31. desember 2010

elskhug vs. hugelsk

Det klassiske spursmålet:
Når er kjærleiken best - som draum eller som røynd?

Røynsla mi segjer: Som draum.
Eller i draum.
I hugen.

Det er kje uvanlegt at hugen vår leikar seg med slikt. Dei store skaldane skreiv um kvar si draumefagre, fullkomne og uskuldsreine møy. Petrarca, Dante - - slike karar. Men kvinnone deira samstavast ikkje med røyndi. Dei er for gjæve, for høgvyrde, for kvite og reine. Dei er boklege.

Mine eigne hugmøyar samstavast med røyndi. Sume er jamvel - skam å segja! - tvers igjenom røynlege. Dei finst, dei ruslar ikring og er næsten heilt vanlege. Og berre næsten, for dei hev det serskilde laget som gjer at hugen min syg deim til seg og læt tanken dansa med deim. Snildt og rolegt, berre, det er so gildt med eitkvart å gledjast ved medan eg gjeng der og bidar på at noko røynlegt skal bera til. Godt å tenkja på, godt å skriva um. Og kann henda gjev eg hugelsken so stort rom at det ikkje vert noko utav elskhugen.

Slik
hugelsk er seige saker.

Det sit i so lenge. Klistrar seg inn i alt anna, liksom.
Og um hugelsken veiknar og bur seg til å sleppa,
skal det ikkje mykje til fyrr en klørne set i att
og dreg seg upp på sjølve tanketrona.
Det er berre ein smil hell eit ord, det,
frå den røynlege,
so fær hugmøyi att styrken sin i fullt mål.
So er me i gang.

Men å snu det klassiske spursmålet:
Når er kjærleiken verst - som draum eller som røynd?

Må vera som draum, det.

For det må vera verre at han ikkje finst i det heile,
en at han finst og er vond.
Då er det i minsto noko å gjera med det.

O, kjærleik!
Du er vel ein av dei ting menneskja aldri skal få taket på.
Det er vel dét som gjer alt so fortrolla og rart.
Endå det berre er hugelsk.

tysdag 21. desember 2010

i dag er ikkje ein god dag for alle

Soli livna der ho låg
kvass og klår på kvelven,
loga upp so fri og fjåg

i dagen, still og skjelven.
Med varm og stødug strålehand
løyste ho sitt strame band.

Ho skulde snu, ho vende seg −
Då dundra verdi tungt.
Og jordi klovna, alt vart natt,
ei avgrunns rivna braut seg veg −
Men hjartat hamra, vilt og ungt,
i den som stod åleine att.

Kavande i sakn og lengt,
so tung ei sorg å bera −
Livet flengt og hjartat sprengt,
og stødt skal minnet tæra.



Soli såg og braut seg av;
ho kunde ikkje snu,
ho bleikna burt og sokk i kav −
Du strir i myrkret, du.

*

fredag 17. desember 2010

skidløyping

Ja, i går flaug eg på skidor att.
Det var sesongdebuten, som 'n far segjer.
Han og eg drog til Budor (Løten), der var det nøgdi med snjo. I skogen heime er det enno snaudt med slikt. No lyt det snart koma meir!
På Budor var det snjo. Og vind.
Snjofall og snjodriv.
Lause og stundom attdrivne løypor, men det gjer inkje.
Me klædde oss inn og langa ut, han fyrst og eg etter.

Å jø, kor gildt!
Berre den kjensla - - å fara som ein føyk
yver mark og knaus, innimillom tre og tuvor, svosj!
Det gjer godt å tøygja og strekkja seg ut,
sparka og spenna ifrå og fjuka fram,
serleg for den som elles sit krøkt yver ei bok
hell eit skrivearbeid.

Bringa blæs og kjakane raudnar i kaldlufti,
far dreg ifrå upp bakken - den gampen!
Skjera seg gjenom skavlar av lette, turre snjokorn,
susa ned og rundt ein sving,
berre vera i jamt sig og fylgja tanken som driv
hit og dit i skallen, fri og lett som snjoføyken.

Me gjeng ikkje for skuld "trimmen",
skal ikkje vinna og rekka noko,
skal ikkje øva oss til noko toskut skidrenn
og greida eit verdlaust skidmerke av eitkvart slaget -

Skal berre kjenna den kjensla, flyten, drivet,
og sitja sveitte i bilen heim att
og vera litt stive og rare
i veikryggen, gleda seg
til næste ferdi, til meir spel og sprel,
på desse skarve fjølene me kallar skidor.



tysdag 14. desember 2010

meir tre

Næste tre-diktet er kome
or pennen til Halldis Moren Vesaas.
Ikkje uventa, vel, or den samlingi som ber namnet Treet (1947).

Diktaren døypte det: "Døde greiner"

Eg er eit tre. Eg veks av trygge røter.
Eg har fått næring nok, og livd og le,
og sloppe skuggen. Går du framom fort,
du tek meg for eit rikt og vakkert tre.

Du skal gå framom fort. Og du skal sjå meg
om kvelden helst, da trivst eg best, da famlar
kvar kvist mot mørkret som ei grådig hand
og fangar det og tett det kring meg samlar.

For løynt i lauvet ber eg døde greiner.
I overmot eg let dei breste fram,
langt fleire enn mi rot vann halde liv i,
og derfor laut dei døy, sitt tre til skam.

Eg gløymer prydnaden av friske greiner
for sorga over kvar som saftlaus rotnar.
Snart brest dei og blir mold. Men arret av dei
skal treet bere alt til sjølv det brotnar.


***

måndag 6. desember 2010

me og tre

Emnet for næste Riss er røter

D'er mangt å skriva um røter.
Serleg um éin av vokstrane med røter i botn: Treet.

Det er noko med treet. Det kann du ikkje segja imot.
Treet er liksom nærre oss en andre vokstrar er,
det er mestsom me er i ætt. At det er eit band,
hell eit ordlaust mæle,
imillom oss. Den grove stomnen, den høge kruna -
Den sterke, store voksteren er som skoten upp or jordi,
tagall og ruvande,
upp upp upp vil han.
Og han stend der - tung, traust og trygg -
heilt til han lyt nedpå. Eller av di me treng honom,
treng kjøtet hans. Kjøt til å byggja og bu med.
Kjøt til å verma seg med.
Då lyt han ned, den høgreiste.

Dei tvo hæve skaldane på Midtbø, Halldis M. og Tarjei Vesaas,
skreiv radt um tre. Dei visste fulla noko um skog, dei:
Han frå Vinje, ho frå Trysil.
Skog skog skog og skog.
Difor skal eg syna fram nokre av tre-dikti deira.
Ein fire-fem, litt etter kvart.

Det fyrste må vera det fyrste diktet i den fyrste
diktsamlingi til Tarjei Vesaas, Kjeldene (1946).

"Snø og granskog", heiter det. "Snø og granskog".
Skulde høva vel, det, no.

Tale om heimsleg -
snø og granskog
er heimsleg.

Frå første stund
er det vårt.
Før nokon har fortalt det,
at det er snø og granskog,
har det plass i oss -
og sidan er det der
heile heile tida.

Meterdjup fonn
kring mørke tre
- det er for oss!
Innblanda i vår eigen ande.
Heile heile tida,
om ingen ser det,
har vi snø og granskog med.

Ja lia med snøen,
og tre ved tre
så langt ein ser,
kvar vi er
vender vi mot det.

Og har i oss ein lovnad
om å koma heim.
Koma heim,
gå borti der,
bøyge greiner,
- og kjenne så det fer i ein
kva det er å vera der ein høyrer til.

Heile heile tida,
til det er sløkt
i våre innlandshjarte.

***

fredag 3. desember 2010

tri bøker

Eg hev stødt havt ein sterk mothug til kjedebrev ('kjede' som i kjedeliiii). Eit undantak er "brev" av det slaget som Åsta Mari nyst sende meg.

I stutte drag er uppgåva soleîs: Eg skal nemna tri skaldar som eg likar godt, draga fram éi bok - av kvar - som eg likar serskilt godt, og so gjeva fem andre vevritskrivarar den same uppgåva.

Ei vanskeleg uppgåva, ja visst, men det er fulla råd å få til eitkvart.
Skaldane "mine" kjem i vilkorleg fylgd:

1. Tarjei Vesaas

"Det var det eg visste!" tenkjer du no. Ja, Tarjei er grumguten min. Alt han skriv er so dragande, hugtakande, skakande - og det er plent uråd å setja fingeren på kva det er som veld alle desse kjenslone, men dei er der, dei kjem etter berre éi setning, eg veit ikkje kva det er, veit berre at det er stort og namnlaust, viktugt, liksom. So var det å velja ei bok. Her kunde eg nemna ei utav dei store: Fuglane, Is-slottet, Det store spelet, Kimen, Vindane - - men det lyt verta ein utav dei tvo siste bøkene han skreiv. Anten Båten om kvelden eller Liv ved straumen. Eg vel meg Båten om kvelden. Tarjei legg mykje av seg sjølv i det verket. Her finst eit av yndlingsstykki mine, "Ord og ord":

Han tenkte: Ein seier altfor mangt dumt og bakvendt. Oftast blir det bakvendt. Det ein seier er gjerne slik at det blir liggande på golvet som eit par skeive skor – medan det ein ville sagt kjendest som flygande fuglar.

Teia still om det viktige er ikkje berre blygskap. Den elendige tunga er av tre. Småsakene blir tjata ut, plapra om. Det andre blir tagt om til det kanskje blir gløymt og ligg i ymse graver.

Kva må ein så kallast, den som har ansvar for dette?


2. Ivar Aasen

"Det var det eg visste!" tenkjer du no. Ivar er òg ein grumgut. Han var so gløgg og snild, og djerv og heilhuga. Um det fanst ein reidskap som gjorde at me kunna fara att og fram i tid, skulde eg vitja honom. D'er likso visst som amen i kyrkja. Her med er det vandt å velja ut ei serskild bok. Visesamlingi hans, Symra, merkjer seg ut, det er eit gjævt verk, men eg trur lika vel at eg må velja Norsk Ordbog. "Du kann då ikkje lesa ei ordbok!" tenkjer du no. Visst kann eg det. Og eg er ikkje den einaste som meiner at ordboki hans er full av poesi. 

3. Alf Prøysen

Han Alf, ja. Då er det fyrst og fremst den ålvorsame skaldskapen hans eg tenkjer på. Eg tykkjer um dei lugome og morosame visone og stubbane hans òg, men det er myrkret og ålvora hans som dreg meg til seg. Og målet hans, ikkje minst. Det tok lang tid fyrr en han fann det serskilde målet sitt. Han prøvde seg endå til med nynorsk! I grunnen er det fulla ikkje rett å segja at han fann målet, er trur heller han kjende seg fram til det, leita og grov i seg sjølv til han trefte den rette tonen. Eg hev lese andre som skriv på mjøsmål, men målet deira vert bleikt og veikt jamført med Prøysenmålet. Prøysenrøysti. Ei bok eg likar serskilt godt? Det må vera den fyrste boki hans, Dørstokken heme. Det er stor kunst. Han var ein stor skald, Prøysen.

Framsending av uppgåva:

Ellinor, av di ho skriv betre um bøker en nokon annan.
Silje, av di ho hev eit vedunderlegt mål.
Per Esben, av di han er so umåteleg djuptenkt i alle ting.
Ida, av di eg undrast kva ho les.
André, av di han ikkje hev gjort som Åsta Mari sagde. (Høhø).