lørdag 24. april 2010

Eyjafjwixzq!

Laurdag morgon sulla og sveiv eg inne på netstaden åt den islendske kringkastingi (ruv), og medan eg sat der og unte meg med islendske ord og sterke kaffislurkar og fuglesong frå treet utanfor, so råka eg på eit liti sak med namnet 'Eyjafjwixzq!.. ¿hvað?'.
Dette var eit ljodklipp - med tekst attåt - frå "ferdaskrivaren" (korrespondenten) Kristinn R. Ólafsson ['Kristinn' svarar til vårt Kristen, medan 'Kristín' svarar til namnet mitt]. Kristinn held til i Madrid, og emnet for ferdabrevet hans var dette:

Det er fælt so store vanskar ikkje-islendingar hev med å bera fram ordet 'Eyjafjallajökull'.

Eg kann stadfesta at han hev rett. Folk er meir upptekne av å briska og brikja med nye oske-ord - orsak, det skal vera aske-ord, for størsteparten av aske-ord-fanatikarane er bokmålingar, må vita - enn å læra seg rett framburd av namnet på det oskesprutande eldberget.

Vel, attende til Kristinn og Eyjafjwixzq. Han skriv godt og morosamt um korleis spaniarane - og andre europearar, nordmenn medrekna? - slit for å bera fram ordet.
Rett framburd er um lag so: Ejjafjadlajøkudl.
Men det er visst ikkje so greidt å få taket på dét.
Eg totte han fortalde so godt (ja, de MÅ høyra upptaket!) at eg sette meg fyre å setja um brevet hans. God lesnad!

Kristinn R. Ólasson: 'Eyjafjw¡xzq!.. ¿hvað?'

For spaniarane ter namnet ’Eyjafjallajökull’ seg mest som skarpe bitar i halsen, slik det er for flestalle som ikkje har islendsk som modermål. For ikkje-islendingar er det å bera fram dette lange ordet, fullt av "edlum" og "smedlum" (l-ar og smellar), mest som å draga i seg ei oskesky som svell av knivskarpe glaspartiklar, som å få ein oskedusj i kjeften og freista spytta osken ut or seg med stor andenaud og hoste. Eyjafjadlajökudl!

Som sagt tykkjer folk her i sud at det er utruleg at det i det heile er fysiologisk gjerande å bera dette staveranglet fram, dette ljodet av jøkullaup og sprengjesprut. Korleis kann det finnast folk som evnar å bøygja og tøygja trut og trant so til det ytste at dei fær dette levenet ut or seg? Og at det finst andre som skynjar denne djevelskapen? I sume spanske massemedium hev dei set seg råd til å klippa burt 'jökull' attantil. Dette er ikkje likso ille. So fekk dei skore av desse uframberande l-ane ("edlum") i siste helmingen. Ein eller annan gluping hev funne ut kva 'jökull' tyder, difor evlar dei i minsto å segja dét på spansk, på heimemålet: 'glaciar' - og so berre klaskar dei det på etter Eyjafjalla... eller rangare sagt: EYJÍAFÍJALJA... eller dilikt. Og visseleg vart det ikkje betre um dei fekk tydt ut dette bokstavlegt: Det vilde verta ei heller lang remsa på spansk, soleis: 'el Glaciar de las Montañas de las Islas'... Korkje meir eller mindre enn åtte ord hjå dei spansktalande, i staden for eitt hjå desse krislendingane.

Eg fekk mest som ei påkalling i e-posten no på laurdagen, liksom eit naudrop til nordpolen her sunnanfor, frå ei spansk kona som eg ikkje kjende i det heile. Ho sagde ho var luta leid av at bladi skreiv fjellnamnet på hundrad ulike måtar og at ho måtte høyra mediafolk klæma det hikstande or seg. Ho bad meg vensamt um å gjera grein på korleis dette eigenleg vart skrive og bore fram. Eg tok dette vel upp, og eg tydde ut stavingi for henne og fortalde kva kvart ord tydde og freista yvertyda henne um at dei tvo fyrste ordi var eigefall mangtal [genitiv fleirtal], 'eyja' og 'fjalla', i veik von um at ho skulde skynja kva eg fór med. Og eg gjorde meir til: Eg las ordet 'eyjafjallajökull' nokre gonger inn i upptaksmaskini mi og sende det til henne på e-post som ljodfil.

Og no i dag tidleg ringde ein kar som legg ut nyhende på veven for å spyrja um dette. Eg sende honom ljodfili, og eg hadde snaudt lagt på røyret då dei ringde frå den spanske fjerrsjåkanalen Antena 3 for å spyrja meg um å bera fram dette, dei òg. Soleis ljoma det ut i morgonsendingi 'Espejo público', Ålmannaspegelen:

(ljodklipp)

Men det er eit serkjenne ved spanske nyhendefolk at dei snaudt kann tala framande tungemål, og dei tigg um få sleppa å bera fram noko utanlendskt. Det er kje von til at dei lukkast skikkeleg med slikt. Difor hev den eine etter den andre gjeve upp denne satans eldspyande jøkullen der burte på Island, og etter det eg høyrer gjev folk denne djevelgreida ein alt stuttare dåp no - eller rettare sagt: Berget fær inkje namn i det heile, dei held plent upp med å ansa det. Dei segjer og skriv, lett og greidt, 'el volcán islandés', det islendske eldberget.

(...og so fører Kristinn stykket til endes med ei heller sakleg utgreiding um fly-stoda i Spania og Europa og fortel at han er smått leid for at han ikkje kom seg heim til Island slik han hadde tenkt...)

Eit lite youtube-søk på "eyjafjallajökull name" gjev mange forvitnelege fundar. Denne tek kaka.

Fjadl og kudl og god kveld!

fredag 23. april 2010

hardhausen

Det er undersamt korleis soga um ein gamall kall som dett ned i eit myrhòl kann verta ei hugsam sak. Eg vert både byrg og glad når eg ser karen ganga frisk og fin, høyrer det klingande målet hans, og kjem i hug at eg ættar frå folk som honom.

Her er'n.

tirsdag 13. april 2010

berre ein hund

Eg hev skrive um den hjernedaude hunden fyrr.
Han bur i huset heime i botnen av Øysterdalen, og han hev ikkje vorte stort glupare sidan sist. Det kann de sjå prov på her:



Og sjå på desse pjuskeøyro!

onsdag 7. april 2010

nye batteri

No kjem våren og det er tid å kveikja hugen uppatter.
Kva er vel betre en å setja i nye batteri?
Når sant skal segjast, er fulla ikkje ’batteri’ beste ordet, for det er nærskyldt ’batalje’, som me kann setja um med ’strid’. Men lell, då, gut.
Sigur Rós hev ein god, gamall song med namnet "Ný Batterí", og der høver tydingi ’strid’ og ’basketak’ sers godt, som me skal sjå.
Eg hev freista setja um teksti, men ho er noko gåtefull, og eg er ikkje islending.

De kann høyra songen so som han er på plata Ágætis byrjun her, og tvo storgilde konsertupptak finn de her (best) og her (ikkje so reint gale dette heller). I desse upptaki er dei siste linone bytte ut med sumt på vonlenska.

So. Framlegget mitt kjem her. Eg tek gjerne imot framlegg til umbøter.


nye batteri

eg er bunden med piggtråd i kjeften
som bløder meg ut
læst og stengd inne i eit bur
dyri vigslar meg, naken
og ein frelsar bankar på

den utamde set i nye batteri
og lader å nyo
og lader å nyo
og lader å nyo
og lader å nyo

me riv oss laus og set rasande av stad
ut i uvissa der
heilt til me øydelegg alt og reiser oss atter
atter å nyo
atter å nyo
atter å nyo
attende der som me rid

attende til piggtråden
som riv upp eit gamalt, grodd sår
eg er vorten ei rustskadd sjæl
det er ’kje att elektrisitet
eg hev hug til å skjera
og stikka djupt i sjølve meg
men eg torer ikkje det
eg sløkkjer meg heller

åleine å nyo


* * *