onsdag 30. desember 2009

hugsvaling

Hugsvaling er eit godt, norskt ord som tyder 'lindring', 'trøyst', 'kveik'.
Tenk at eitt ord kann røma alle desse tydingane!
Me hev gjerningsordet å hugsvala òg, som ordboki tyder ut soleis: "lindre (sjeleleg), trøyste, roe".

Det finst ulike slag hugsvaling her i verdi,
mest likso mange slag som det finst menneske, trur eg.
Her er den beste hugsvalingi eg veit um:

Du treng
- gode skidor, stavar i rette lengdi, varme og gode klæde.
- turr og rein og krasande snjo.
- fureskog (helst ein du hev vakse upp i/attmed)
- mange kuldegradar.
- ei kvassøygd sol som ligg lågt på himmelkvelven.
- god tid.

Det må gjerne sjå slik ut:


So er det berre å leggja i veg, gjerne heilt åleine, gjerne ein dag det er so kaldt at folk flest held seg inne i stovone sine.

Eg veit godt at dette ikkje er ei gjerd som svalar hugen åt alle (dersom du ikkje reknar med alle kuldegradane), difor skal eg skildra ei retteleg hugsvalingsferd, so at de fær innsyn i den saki.

* * *

Eg hadde sulla kringum i huset eit par timar,
gjerandslaus, gledeslaus, kraftlaus, -
men stinn av tankar og tyngslor som trengde seg på
og laga seg større og større rom i bringa,
i morgon er siste dagen i dette året,
og eg hatar å vera til når åri skifter, årsskiftet
er eit so tydelegt merke på at tidi skrid,
og det verkjer i meg når eg ser og kjenner at tidi skrid,
vondt, gjer det,
og det er inkje me kann gjera åt det,
alt skrid, alt er tid -
eg vart mest heit av harmen,
og eg såg lengtande ut glaset.

Det var næsten 25 blåe gradar ute
(og eg veit at det er vèl kaldt),
men eg hadde fare på skidor kvar dag frå og med joleftan
(det vart nøgdi med snjo i skogen fyrst då)
og desse ferdene var styrkedrykk for sjæli,
dei kveikte og gledde meg meir en noko anna.

Stundom veit du berre dette: EG LYT UT.

Ut gjekk eg og kaldt var det,
men for ei frygd! For ei gleda!
Å, kor sæl var eg ikkje
då eg strauk burtetter snjo-yta
slik fuglar glid på vatnet!

Rimet lagde seg i håret, kringum augo,
på turrklædet eg hadde framum munnen,
og eimen frå munnen steig upp i nasen so at han rann jamt og trutt,
tærne var klaka etter berre nokre minutt,
men jø! -
hugen vart lika fullt sval og roleg og fri for otte.

Og skogen er aldri so væn som i frost og kjøld:
Treleggene stend so stive og sterke,
og imillom deim finst berre

ei æveleg togn,
daggamle spor etter elg og hare,
eit solljos so kvast og gult
at kvar trestomn og trekruna mest som er smidde av gull,
urørde glitre-slettor av uteljande snjoflak,
og EG
som kjenner at skogeinsemd er noko anna en vanleg einsemd.

Du kann vera einsleg, men ikkje einsam, ikkje på den syrgjelege måten, i skogen.

Og kulden kann riva i halsen og armane kann staka seg stive,
snørri kann renna og hjartat springa, -
men endå vert hugen mjuk og laus og fri av alt dette,
dette er kva eg kallar retteleg hugsvaling,
og eg råder deg til å prøva.

fredag 25. desember 2009

uppreist mot heteronissane

Eg er, som kjent, skeiv.
Eller skakk, ænnsjles ('annleis'), homo og so burtetter.
Eg hævdar ikkje at eg er noko sermerkt eller at eg er serskilt interessant som menneske av di eg er skeiv. Men, eg trur eg er meir merkt av at eg er skeiv en syster mi og mange andre er merkte av at dei er "rette"/"i vater".

Det er tolleg greidt å vera skeiv.
Det gjekk godt å fortelja det til skyldfolk og vener, so godt som det kunde.
Det er ikkje mange merknadene og spitordi eg hev fenge.
Det er ikkje serskilt vandt og vondt å liva som skeiv i Norig i dag.

Det som er litt vandt og vondt, er å tenkja på den tidi eg trudde denne logande elskhugen var noko eg laut gøyma og gløypa, at eg skulde bera det med meg i gravi, at gjenta eg tenkte på og drøymde um aldri måtte sjå at eg so mykje som glytte på henne i storefri, at eg stødt måtte ljuga når folk spurde um eg hadde nokon "i kikkerten".
So eg veit noko um løyndomar.
Eg veit noko um å skulla laga rom åt noko som er so stort at det hadde sprengt deg endå um du var fri til å sleppa det ut.
Å skulla halda noko i myrker som lyser og brenn som soli sjølv.

Men, det kann vera mykje lærdom i det som er ugreidt, og no tykkjest det meg - som sagt - greidt å vera skeiv. Etter eg vart litteraturstudent, og lærde um den græske skalden Sapfo (um lag 600 f.Kr.) som heldt til på øya Lesbos og hev skrive eit utav dei gjævaste kjærleikskvædi som finst (fragment 31), so mislikar eg ikkje eingong å taka ordet lesbisk på tunga. Ordet er greidt, det òg.

MEN. Det eg brådt vart var vesle joleftan, og som eg på ei undersam vis ikkje hev tenkt på fyrr, er at det er fælt so heteronormativ jolepynt me hev. Jolenissen er som oftast kar, englane er ofta konor. Men når me finn nissegjentor, so er dei i nittiåtte prosent av tilfelli i lag med ein nissegut. Nissegjenta og nisseguten. Nissefar og nissemor.
Eg nemnde dette for 'na mor, og 'n far høyrde det fulla.
For i timane fyre joleftan tek retteleg til, innimillom skidtur og bilvask og eg veit ikkje kva, so hadde han vore og kaupt og stelt til joleprydnad - tvo gjentor. Dei heng no i lampa yver kjøkenbordet. Der heng det mykje anna òg, men dei skeive gjenteenglane trivst sers godt, det er lett å sjå. De kann berre sjå og døma sjølve:



Då er det berre å ynskja dykk alle ei skeiv og god romjol!

søndag 20. desember 2009

jolesut

Sume saker er meir urettvise en andre.
Det er mangt og mykje som er urettvist her i verdi, og eg tek ikkje mål av meg til å femna og nemna alt i eit vesalt vevrit.
Men noko lyt eg lika vel draga fram, no som det er jol og tid for tankar og samhug.

Kvi skal ikkje alle få ei likso god jolehøgtid som eg?

No tenkjer eg ikkje på svoltne born i Afrika, ottefulle mødrer i Kabul,
einsame gamle på sjukeheimen.
Eg tenkjer på vener og kjentfolk som av ymse årsaker ottast meir en dei gled seg til joli.
Dét er urettvist.

Sume hev vridne skyldfolk å dragast med, sume hev ei jol som druknar i sterk drykk, sume hev mist nokon av sine allra kjæraste
i desse joledagane som skal vera dei beste av alle dagar.
Ja, for eg tykkjer joli er det beste med året, med livet. For å segja det med ein kent-tittel: joli er en himmelsk drog. Ein kvit og logn rus, "himmelsk" av di han er noko heilt anna en alle andre bolkar av året.

So, kvi skal sume ottast joli?

Det er ikkje råd å svara på.
Lagnaden styrer med hard hand og skil ikkje stort millom kvardag og høgtid.
So, då fær me som er so sæle og sit godt i det heller syta for å gjera godt mot den sorgfulle og hugsjuke.

Og kann henda er dette ei vesal trøyst og ein lette: For oss som elskar joli meir en alt anna er det eit vonbrot å skulla venda attende til kvardagen i januar, medan dei som helst skulde vore utan joli tykkjer kvardagen er god å koma til.
Og me treng ikkje rekna på det: Det er kvardagane det er flest av.

* * *

laurdag 12. desember 2009

gripande godt

Eg ottast ikkje at eg hev valt galen studieveg.
Eg tvikar ikkje det grand på at studiet mitt er uviktugt og utan von og vinning.
[For kva var vel verdi utan språk og litteratur? Fint lite.]
Lika vel: Det er so yvervættes gildt at liv og læra stundom tek so hardt tak i einannan at grunnen skjek og skjelv. Dette famntaket kann ovra seg på ymis vis. Til dømes:

I ein stutt, sterk blenk kjenner me at det me syslar med og les og syg til oss or bøkene er meir en berre ein veg mot eit mål, til dømes eksamen eller ein akademisk grad. Å berre trå etter sovordne mål gagnar lite. Me kann ikkje suga retteleg til oss noko som berre er av utvendes nytte. Det me les og lærer fester seg fyrst når me kjenner at dette grip inn i sjølve Livet, når det stikk i deg at dette er verdefullt for deg, som menneske. Det er ikkje so reint fåe glupe folk som hev fare fram fyre oss, og som me - takk vere skrift og bok - kann draga lærdom or og byggja lærdom . Me kann aldri skynja alt, me kann aldri skynja oss sjølve. Men det er god hjelp i å rota og røra litt i det fyregangarane hev gruvla på.

Stundom kann ei pensumtekst kveikja eld i bringa. Då er det ikkje eksamen du brenn etter å taka fatt på. Då er det spursmåli, eller endå til livsspursmåli, dei som er utan svar, som veks i deg - og det er kje mun i å klappa att boki. Spursmåli er der stødt. Og endå um dei er svarlause, so me stilla deim, fylgja deim, liva i deim.

Kvar eg vil med dette?
Lat oss fyrst glytta på eit sjølvupplivt døme frå røyndi:
Eg er ung student - yngre en no, i minsto - og les litteraturteori for fyrste gongen. Um eg minnest rett, so er "Kunsten som grep" (1916) av Viktor Sjklovskij den allrafyrste artikkelen eg gaumar på. I stutte trekk: Han Viktor er ein utav dei russiske formalistane og han er nyfiken på kva som gjer litteratur til litteratur, kva som er det sermerkte ved litteraturen. Svaret hans er: Litteratur er underleggjort, desautomatisert språk. Litteratur er eit språk-grip.
Russaren skal få koma til ords sjølv (i norsk målbunad, rett nog):

Dersom vi undersøker persepsjonens almene lover, vil vi se at handlinger blir automatiske når de er blitt en vane. [...] Tingene går liksom innpakket forbi oss, vi vet at de er der, utfra det rom de opptar, men vi ser bare deres overflate. [...] Slik går livet tapt og blir til intet. Automatiseringen fortærer tingene, klær, møbler, kvinnen og angsten for krigen. "Hvis hele det kompliserte liv hos mange mennesker forløper ubevisst, da er det som om dette liv aldri har eksistert." Men nettopp for å gi oss livsfølelsen tilbake, for at vi igjen skal føle tingene, for igjen å gjøre stenen til sten, eksisterer det som kalles kunst. Kunsten mål er å gi oss følelse for tingen, en følelse som er et syn og ikke bare en gjenkjennelse. Kunstens virkemiddel er "underliggjørelsens" [ostranenije, av stranno, 'underleg'] virkemiddel og den vanskeliggjorte forms virkemiddel, som øker vanskeligheten og lengden av persepsjonsprosessen, for i kunsten er persepsjonsprosessen et mål i seg selv og må derfor forlenges. (Kittang et.al.: Moderne litteraturteori (2003: 18))

Sagt på onnor vis: Dersom me til dagleg ser verdi som gjenom ei rein glasruta, skal kunsti sota til ruta, so at me lyt nytta krafter og tid for å sjå kva som ligg attum. Det er mange måtar å gjera dette på. Eit einfelt døme er diktet "Vinteren har gløymt att" av Olav H. Hauge:

Vinteren har gløymt att kvite kyr i fjellet,
der beiter dei i grøne hall.
Men vårsoli og graset er for sterke,
dei magrast for kvar dag.

Kva er so dette?
Snjoflekkane i fjellsida likjest beitande kyr.
Eg vågar å hævda at dette er underleggjering. Og takk vere Sjklovskij veit eg kvifor eg hoppar i stolen av frygd når eg les dikt som dette.
Eg ser verdi å nyo, sansar verdi å nyo, ein snjoflekk vert EIN SNJOFLEKK, og aldri meir "berre ein snjoflekk".

So kann de undrast: Er dette verdefullt for meg som menneske? Dreg dette seg um livsspursmåli?
JA.
Det handlar um å vera i verdi, og radt ofta er den beste sterkaste måten å vera i verdi på å brjota seg or vanen og liksom vakna or den daglege svevnen og få syn på det som er ikring oss stødt, men som me ikkje ser.

Å verta var at det som tykkjest usynleg kann vera botnlaust synleg - - ja, han Viktor var tvillaust inne på noko der. Difor: Les dikt!


* * *

fredag 4. desember 2009

surmjølk mot heimhug

Eg såg det koma. Eg såg det!
Eg bida på det. Og eg fagna det då det kom.

Det er den trufaste heimhugen, veit de. Eller heimsykja.
[Heimhug, m. Længsel til Hjemmet; Lyst til at være hjemme]
[Heimsykja, f. Hjemvee. Sv. hemsjuka.]

Kvar gong det dreg seg mot skulefri og heimferd, og mest av alt i dei siste vikone fyre jol, so kjem ei ofseleg diger heimhugklo og mesta klembrar blodet or hjartat på meg. Det er so eg ikkje evlar å gjera noko, segja noko, - men eg gjer då noko lell, og segjer noko, men eg er liksom ikkje her,
ikkje med heile meg.
Eg er ein heilt annan stad,
i eit farbygt hus (ja, det er eit hus bygt av far) med veggjer og golv og tak av varmt tre og gluggar mot ein æveleg fureskog.
Og so er det nokon eg kjenner som bur der.
Nokon eg saknar. Store & småe.

Å ve, den heimhugen.
Dét er lytet med å ha ein so gild og hjartevarm heim å fara til.
Ja, det er eit luksusproblem, dei kallar.
Men det set meg lika fullt or spìl.

So kva gjer eg då? Eg kann ikkje driva å fara burt i horg og heim, att og fram, hit og dit, i minsto ikkje no i eksamensstridi. Nei, det gjeld å gjera det beste ut or det som finst i nærleiken. Eg hev eit par grìp, eller vaksinar, mot heimsykja. No skal de sjå:

1. Surmjølk. De kann flira åt det, men surmjølk er styrkedrykk for hjarta og hug. Kvar gong eg opnar kartongen og slurpar i meg vedunderdrykken, so minnest eg eit fagert hende i barneåri, då eg skulde rista ein surmjølkkartong heime ved kjøkenbordet. Ja, for me lyt rista fyrr en me drikk, les eg på kartongen.
Dette hende: Eg skulde rista kartongen, men eg hadde av uviss grunn opna'n alt fyre eg riste, og no stod han vidopen og då eg riste til var det so surmjølki spratt og skvatt veggimillom.
Det var morosamt!
Og ho mor vart ikkje harm, sjølvsagt, endå ho fekk tjukk og feit mjølk i håret og det var kvitt uppetter veggjer og tak.
Men eg laut turka upp sjølv, må vita.
Surmjølk er reine madeleinkaka! (jf. Proust, veit de)

2. Ulljakka. Mor hev ei ulljakka som eg hev hjå meg i Nidaros. Eg undrast um ikkje ei utav farsystrene mine hev spøta henne. Mor gjekk stødt i den kufta fyrr, alljamt, då eg var ein liten sprett med ei verd som snaudt strekte seg til grasgarden ute. Den jakka er mor. Og det gilde med å klæda seg i ulljakka og drikka surmjølk samstundes, er at tvo tider eller tvo aldrar støyter i hop, eller rettare: glid varsamt inn i einannan.
For: surmjølk = barn,
ulljakka = ein vaksen (mor),
so når eg sit i jakka og drikk surmjølk so er eg både liti og vaksi på same tid. Godt, det er just slik eg kjenner meg. Korkje det eine eller andre, men båe.

3. Golvet. Ungar leikar på golvet. Heimhug heng i tett i hop med barndomslengt. So, det gjeld um å sysla med saker på golvet. Sjå Jul i Svingen på golvet, til dømes. Pakka inn jolegåvor på golvet. Liggja på golvet og tala med mor og veslesyster i telefonen. Lesa litteraturteori på golvet. Sitja under skrivebordet og berre kjenna frygdi breida seg ut i heile lìkamen. Golv er gaman.

4. Godnattsogor. Me er fulla mange som las Den store godnattboka (Bokklubbens Barn) då me var småe. Eller, vart lesne for, då. Alle sogone i den boki, og i ser yndlingssogone, dreg tankane mine med seg til den velkjende sengekanten og foreldrerøyst og godegodegode kveldar. Einaste vansken med lesing på sengi var at mor og far ofta sleit med å koma helsuge ut or barneromet, for legoklossane låg tett på golvfjølene.

De skal få sjå koss vaksinane ser ut:
Forfattaren ligg på golvet iklædd strikkejakka og les godnattsogor og HEV SURMJØLK I GLASET.
Tru det eller ei, men heimhugen stilnar.



***