fredag 31. juli 2009

glytt frå Gutulidi (og strôki kringum)

Eg er nyst attkomi etter tvo vikor utanfyre "folk'skikken". Godt nøgd med dagane uppi der, so nøgd at eg mest ikkje ansa at dei, dagane, kom og gjekk. Då er det vel som det skal vera.

Núna er ég heima, og þess vegna hlusta ég á heima - aftur og aftur og aftur.

...men det varar ikkje lenge, for snart skal heile huslyden ut på vegen att. Ferietur, heiter det visst. Er du i eller millom Nidaros og Bjørgvin i næste vika, so kann det henda me støyter saman.

Fyre dét, kann du sjå sumt av det teiknaren gjorde uppi Femundsmarki:


Sat på troppi i kveldsoli og drakk øl.



Sov i telt høgt uppi fjellom. Me såg ikkje ørn denne gongen,
men me kom nært innpå ein diger elg som veifta med øyrom
og luska innetter i skogen
so majestetisk og høgreist som berre ein elg kann luska.



Eg gjekk med sekk. Og trekopp.



Og eg raka gras av bikkja. Me hev ikkje grasklyppar på hytta, må vita,
men far hev ein sigd.


Kveldskos i lyngen. Gjev ans på regnbogen. Fine saker.


Sjáumst!

mandag 13. juli 2009

D'er betre på Berg en på Baara

Jau, eg skal ganga ved det, eg er landkrabbe inn til beinet. Fridtun tykkjer betre um fjellvegen en sjøvegen, endå so blautt det var uppi dalom i fyrrvikun. Då gjekk me, fem blidauga ungmøyar, fjell-leidi frå Alvdal til Uppdal. Me ansa ikkje blåster og bløyta, men klivra og kleiv upp den eine lidi etter den andre, gjenom fjellkjørr og yver fjellgras, lauga oss i blanke vatn og sov medan regnet sildra nedetter lavvoduken. So var det upp å koka graut og sopa sakene i sekken og fara ut i den frie fjellheimen. Eta ei kakuskiva på ein stein medan skoddeflokane seig innpå og fór att, sjå lambi i kvike sprang uppetter fjellsida, suga på kvitfrosne fingrar og leita i lummone etter mjukblaute mandlar som sette ny kraft i leggene.

Det var ei gild ferd.
Ingi kiv og strid, ingi stygge skadar, ingi rædslenæter.

Men me såg ørn! Å jø, som me såg ørn! Me skræmde upp ei lika attmed stigen, snaudt tretti meter ifrå, ov-vengjone slo og duna og fuglen steig og me stod med gapande kjeft og såg dyret luftsigla langt og lenge fyrr en det kvarv um ein bergknatt.
Då tenkte eg på Sjón. Ja, i slik ei stund tenkte eg på den islendske skalden. Då han vitja Nordkurs-klassa for tvo vikor sidan, spurde eg: Hvað er þat fegrasta íslenska orðið?
Og Sjón svara: Arnsúgur.
Ein arnsóg er ljodet eller vinddraget av ei fljugande ørn, susen av ørnvengjeslag. Tenk at målet hev eit ord for slikt!
Det var ei gild stund skal eg lova deg, den tidi ørni var innan augleitet.

Her ser de teiknaren på veg mot Folldalsfjelli og andre fjell. Der var godt gjengt. Dessutan var der turt, fyrste dagen. Eg er budd til næste fjellferd, um ei snaud vika. Det vert i Femundsfjelli. Og då skal eg koma i hug tjukke vottar.

lørdag 11. juli 2009

ára bátur

Eg held fram med Sigur Rós. Islendsk til norsk. Frå með suð í eyrum spilum við endalaust jamvel denne gongen. Syrgjelege saker, med ei yvervættes sprenging i enden. Jø, kor mange gonger hev eg ikkje gjenge seint og smått heim frå skulen, i skodderegn og blåster, og havt denne på øyro.
Du kann høyra det godvonde verket her.
Og alle mistak stend eg sjølv til svars for.


du freista alt
ja, tusundfelt
du upplivde nog
du fekk nog
men det var du som lét alt
i hjarta på meg
og det var du som atter
kveikte anden
inni meg

eg fór
du fór

du rotar og grev
i kjenslone
i kjøkenmaskini
alt ute um alt
og det var du som stødt
var til stades for ein
og det var du som aldri dømde

eins sanne ven

eg fór
du fór

[vonlendsk]

du sigler på elvane
i ein gamall robåt
som ov-lek
du sym til land
skyv frå bylgjegangen
inkje finn feste
du flyt på sjøane
søv på yta

ljos i skodda

[vonlendsk]