tirsdag 30. juni 2009

ugras

Ein ovstor fyremun med islendskkunna er at eg kann skynja ordi åt songaren i Sigur Rós, minder han syng vonlensku, då, må vita. Mest alt er skinande poesi, ordmagi. For å syna dét, hev eg sett um perla illgresi til norsk. Den islendske teksti finn du her.


du søv heilt til høgst å dag
du døyr og livnar til
lauvsbladi brigdar litene

du kjenner - ferd på føter,
klædd i regnkåpa - du held ut til myrketidi

du riv or deg hjarterøter
som du trør på
med hendene i lumma,
med nog å gjera
eg gjeng i blaute graset
heilt innåt

det skin på meg
igjenom tregreinene
sjå du upp og livna til
lauvsbladi brigdar litene

me finn logn, fester røter
avklædde or hjarto
me held ut til gode dagen

me plantar og gjev liv og spring ut
med hendene ute or lummone
ut til rotjordi
me tek undan styggtankane no

tidi lækjer alt, gjev liv, gjer upp eld
av sjælslogar

ikkje lenger kaldt, eg hev atter liv
mi sjæl livnar
eg målar verdi


Huga på å høyra?
Verði ykkur að góðu!

søndag 21. juni 2009

hjartans djupaste lengsel

Það er sumar á Íslandi.

Og dagane renn som sand millom fingrane,
dei fer fram utan eg ansar det, snøgge som elden,
no er fyrste helmingen av Islandskeidet attum teiknaren.
Her er alljamt ljost. Kvar dag er lika bjart som han er lang, endå den blåe og gråe himilbunaden skiftest um rumet på kvelvingen.
Fylgjeleg er her ikkje mykje myrker og angst og otte å tala um.
Eg etlar lika fullt å skjenkja i eit Olav Aukrust-kvæde åt dykk,
for han var slik ein storgild, kjenslevar skald.


Hjartans djupaste lengsel brenn
i myrkret med natt mun lide.
Men ljuvleg er det når soli skin,
då raknar so mang ei kvide.

Redd gjenom natti eg Rimfakse reid,
og burte var stjernor bjarte.
Då rann det sol over helut hei,
då rivna natti den svarte.

Skinfakse reid eg, og jordi skein,
og alt som på jordi drøymde,
blomar og hjarto og klaka stein,
og gleda or augo fløymde.

Jordi sprengde sin drake-ham,
eg tykte ho skein forklåra
og sumde som skinande svane fram,
ja, frigjord og sigers-kåra.


Gott kvöld!

lørdag 13. juni 2009

meir islandsidyll

I dag var me ein liten flokk som gjekk i den islendske fjellheimen. Me gjekk upp mot Þverfellshorn, ein topp som er noko under tusund meter. Men det skal segjast at det berre var dei tvo norske fjellgeitene, Malin og eg sjølv, som gjekk heilt til øvste nuten. Eg legg ut nokre bilæte nedanfyre.

Elles kann eg melda at alt gjeng som det skal her ute på sagaøya, eg hev endåtil sét handskriftene til Snorri-Edda og Njáls saga og alle desse gamle gode, so allt í lagi, som islendingane segjer. Alt i lage/orden. Dette er det næraste eg, norrøntstudenten, kjem utveksling, so det gjeld um å njota dagane! Og njóta málsins [målet], sem er fagurt sem sólin og ástin og heimurinn!








(ja, det er nett so bratt som det ser ut til)



Utsynet frå toppen.

tirsdag 9. juni 2009

gåta

Gissa kva for eit land eg er i:

tirsdag 2. juni 2009

blomar

Sumtid finn blomen det høvelegt å stikka hovudet upp der ein minst ventar det.
Til dømes på (den gamle) skulevegen upp til Dragvoll.
Til dømes millom steinhellone i hagen.
Eg undrast um nokon hev planta dei der.
Nokon med uvanleg grøne fingrar.