tirsdag 27. januar 2009

Fridtun og Reite i Telemark

I år var vintersamlingi åt målungdomen i Kviteseid i Telemark. Det var gode greidor! Eg likar vintersamlingane, eg, betre en alle andre samlingar. For då kann ein både
- leika seg på skidor;
- leika seg på skidor so ein vert rennblaut;
- klæda seg upp i ull utan at det vert for varmt (gjerne etter ein er dyvåt vorten);
- drikka mykje kakao;
- bu på fine stader langt uppi dalom;
- laga fine saker av snjoen (jamfør katten nedanfyre)
ja, og endå meir til.

I år fór eg i lag med mannen i mitt liv. Han var både ferdafylgje, kanelsnurrandsvarleg, romkamerat, gjestgjevar (me var innum heimen hans på Skedsmokorset), og kjelda til mykje frygd og gaman. Han er med på mest alle bilæti.
Eg skal jaggu gifta meg med'n, dersom eg ikkje finn eit dugande kvende innan ti år eller so.

Her er ein neve glimt frå ferdi:

Kaffi, kjeks og kryssord i heimen hans Andrééé.



Reite sjekkar inventaret på Granli (der me budde)



Reite sjekkar inventaret II



Eg hadde GUd HErren JEsus KRistus yver sengi:



Der var endå meir fin kunst på veggane, her er fotgjengar Gudleik Knotten i sjukesengi:



"Snakk litt med katten", er det skrive på halsbandet hans. Attum katten ser du huset me budde i. Fin-fint!


Norsk natur, ser du.



...og fresk, norsk ungdom.


Der var mykje skog. Og snjo. Etter eit par kilometer brøytte me veg sjølve.



Eg veit ikkje heilt kva eg driv med her, men det er kor som er representativt.


Einaste lyte med turen: eine skida fekk seg ein liten knekk. Far kann bøta det, er von.

Hiv!
Og hoi!

søndag 18. januar 2009

/eitt/ tre er ingen skog

Tor Jonsson skreiv:

Eg er grana, mørk og stur.
Du er bjørka. Du er brur
under fager himmel.

Eg undrast kvar mi bjørk er.
Kven ho er. Um ho er.

Ja, for eg stend her, eg. Djuprøtt og tagall.
Det er berre å stiga fram.
Leikande og læjande, helst.
So vert det skog av oss au.

fredag 16. januar 2009

hund er manns gaman

I dag kjem sumt um hunden.
Eg byggjer stykket på tvo kjeldor:

1) Hunden heime i Fridtun-stova. Han heiter stundom Kaizer, stundom Sonen (åt Vera)
(dette siste kjem fram av fyrste bilætet nedan);
2) Norske Ordsprog, skrive av Ivar Aasen (ja, kven skulde det elles vera?). I den boki finn ein mangt eit gildt ordtøke um det firføtte dyret me dreg inn i hus og hyttor heimar av alle slag.


Fyrste bilætet. Her ser de Sonen:



Andre bilætet. Sonen er snild, men ikkje gløgg.
Han er ikkje som ho Lassie eller n'Rex, diverre. Hovudpynten her gjer det ikkje betre:



Tridje bilætet. Dette legg eg inn so lesarane skal sjå at Sonen er ein fin fyr. I ser når han legg skolissa under lippa nett som ei klypa snus:



Men so til hovudsaki: hunden i Norske Ordsprog.
Eg tek ikkje med alle ordtøki, berre deim eg tykkjer mest gaman 'ti.

Den som heve Hund, han slepp å gøya sjølv. (jaggu!)
D'er godt å hava ein Hund å skulda på. (Sonen er fælt snild og gjer fælt lite ugagn. Men han veit å sleppa ein fis eller tvo når det sømer seg minst!)
Gamall Hund er ikkje god å narra.
D'er ill Hund, som ikkje gøyr, fyrr han bit.
Når den eine Hunden gøyr, so gøya hine med.
Hunden veit, kvat Husbonden vil. (soleis er det stundom i Fridtun-heimen)
Hunden fær sjeldan Steik, utan han stel henne. (Sonen stel ikkje. Han torer ikkje. Men han stikk tunga burtpå, berre for å smaka på. So gjer vel og set matfatet eit stykke innpå bordet)
Tvo Hundar um eit Bein vil sjeldan semjast.

Denne er gild:
D'er kleen Hund, som er rædd Hare. (kjem Sonen i denne gruppa, må tru?)

Eg tek med noko um bikkja au, endå Sonen ikkje er av kvendkyn:
D'er ill Bikkja, som bit sine eigne Ungar.

Desse likar eg serskilt godt:
Han kjenner Bikkja, som biten er.
Når Bikkja er burte, so bit ho ikkje Heime.

So kjem den siste, og eg skal gå ved at eg ikkje skynjar heilt kva bodskapen er her:
D'er fleire flekkutte Bikkjor en berre ei.
Kom gjerne med tolkingar og eigne røynslor med hund. Som denne, til dømes.

fredag 9. januar 2009

D'er godt å hava Vetter, når Vetter skal vera

Jau, vinteren er væn.
Heime (i Elverum) var det vinter.
Jamt tjuge minus. Sol. Blått uppe, drivkvitt nede. Um lag so:

Det skein og blenkte so hål ein blåne,
der slede-meian' på vegen rann.
Og uthengd var det so blank ein måne,
og alt var vakkert og vel i stand.
Det var so inderleg mjukt og mildt, at
det rann so lett, og det var so stilt, at
- å linge-ling, linge-linge-lo -
all skog og vigge som fjetra stod.

(Olav Aukrust)



...men uppe i Nidaros var det tøyvêr og bløyta og glatta og nei og nei.
So eg legg inn nokre rettelege vinterglimt på sida, eg, og vonar det fær vinteren og kjøldi til å draga seg upp hit.










tirsdag 6. januar 2009

eg - eit trugsmål for norske born

Ja, so var det på'n att, då. I Aftenposten las eg eit innlegg frå leidaren av dette morfarbarn.no-stellet. Folk som han slær steike ta' meg eld i den elles fredsame bringa mi. Bodskapen er heilt bånn i bøtta! Eg fær vondt av å lesa slikt. Eg gjer det. Det han segjer er at eg, teiknaren og forteljaren Fridtun, som ser seg sjølv som eit tolleg kvikt og godhuga menneske, er ikkje eigna til å vera forelder. Hah! Ein unge hadde havt det betre hjå meg en hjå hjarteløysingar som han!

Eg kann heilt greidt og fint skynja at folk hev ulike syner og meiningar. Og eg veit neimen ikkje heilt kva eg meiner um homofilt ekteskap hell, eg tenkjer kann henda litt som Rufus Wainwright (homofil musikar) at lover som dregst um kjærleik og kynsliv er heilt høl i huggu. So lenge det ikkje er til meins for nokon treng ikkje staten og politikarane leggja seg i det.

Skrivaren av innlegget i dag meinte at ekteskapet millom tvo av same kynet kom til å skada norske born. Eller som han sa sjølv: "[...] denne ideologien kan føre til forvirring og usikkerhet i mange barns utvikling av identitet, seksualitet og selvbilde."
Tenkjer denne karen på at flestalle av dagsens homofile voks upp innanfyre den "heterofile normi"? I ein "normal" heim, der alt var so "naturlegt" og "harmonisk" vart borni seksuelt forvirra (det er det me er, ifylgje slike som han)? Undarlegt! Hev karen høyrt kva borni sjølv tykkjer um dette, dei som veks upp i lag med tvo feder eller møder?
Det er foreldre som han som set vrangsyner i hovudet på ungane. Tenkj um sonen (eller dotteri) åt denne karen fann ut at hjarta stunda meir etter gutar en gjentor (og tvert um). So kjem feder og møder som han og segjer at "nei, dette er ikkje naturlegt og Gud vilde det ikkje slik. Sjå til å finn eit kvende (hell ein kar)!" Eg tenkjer dét gjev barnet ein leid uppvoktster, eg!

Eit godt argument er at eit born treng nære band til både mannkyn og kvendkyn. Men det veit då jaggu alle homofile foreldre au! Eg trur flestalle homofile er meir medvitne um kyn og rollor og påverknad en "vanlege" folk. Det er ikkje rettvist at folk fær halda på slik!

Eg...- æh!
Eg idest ikkje skriva meir.
Det er so yvervættes paradoksalt at dei som skal "kjempa for kjærleiken" er dei største og stridaste motstandarane.

Som me sa på barneskulen: LEGG DEG OG VOGG!