torsdag 14. mai 2009

du veit, nattur

I dag hev eg vore på årets fyrste springmarsj i stuttbrok og t-skyrta. Det er so ein mest må høgtida det - stødt lika gildt å springa ut og kjenna at lufti er varm mot hudi. Dessutan:

Eg høyrde tvo grasklypparar (og kjende angen av nyklypt gras), eg såg eitt småfly, eg vart snusa og boffa på av éin sprelsk setter-kvalp som heitte Båtsmann, eg høyrde minst fem ulike fuglelåtar, eg såg éi humla, eg hoppa trettisju spensthopp, eg såg tvo gutar på ei trampolina, eg høyrde tusund kvassgrøne bjørkeblad risla i vinden (å sæle meg! for eit spìl!), eg såg mykje anna fint au som ein kann setja tal på.

Me kann festa oss ved bjørkeblad i vinden. Det er nattur, det. Natturi.
Eg nemnde Schiller sist, og eg skal nemna han enno ein gong.

"Du, min gode mann, herr Friedrich Schiller, du råkar meg so inne i hampen helvite hardt med ordi, ja sjølv det tyngste poetikkstykket kann stinga i bringa so augvatnet sprett! Du, herr Schiller, du hev no rett framfyre deg ei sjæl av det sentimentale slaget, ei sjæl som mesta vert til inkjes av denne lengten til Natturi, ei sjæl som bivrar av frygd og fæla når du skriv slike rader som dette":

[H]os oss har naturen forsvunnet fra det menneskelige, og kun utenfor det, i den ubesjelte verden, kan vi møte den igjen i dens sannhet. Det er ikke vår større grad av overrensstemmelse med naturen, men tvert imot våre forholds, tilstanders og seders motsetning til naturen som driver oss til å søke den våknende trang til sannhet og enkelthet, og å skaffe denne trangen en tilfredsstillelse i den fysiske verden som man ikke kan håpe å finne i den moralske. [...] Barndommen er den eneste ulemlestete natur vi ennå støter på innen den kultiverte menneskehet, og det er derfor intet under når ethvert spor av den ytre natur fører oss tilbake til vår barndom.

Å du pinande du! Å du!
Gjev meg ei furu, ei tuva med lyng, ein kvitkrulldott, ein leikande trebjørn - og eg er som eit barn! Berre der, DER, i natturi, er beinvegen til barndomen, er beinvegen til lukka, til ei ro eg aldri kjenner elles, eg, som er "vaksi" og "utflutt" og "sterk og stor"! Eg toler det ikkje, å ikkje vera barn lenger, toler det ikkje! Berre i heimeskogen, [ekko: heimeskogen], den ævelege djupni med bartre på bartre, der kann eg tola det, der er sæla og hugnad og berre eg og eg er barn.

Å jø, vøre eg berre fødd i romantikken.

Og ikkje er eg rusa, det hev vel berre fylt seg til randa no i desse eksamenstider.

Men springmarsjen var fin, den. I stuttbrok.

4 kommentarer:

ida sa...

det høyrdes fint ut! eg er litt vonbroten fordi eg har gått glipp av våren - i år igjen. sidan eg berre sit inne og les får eg ikkje med meg småendringane frå dag til dag. det er plutseleg løvetann og fullt utsprotne blad overalt, kortid HENDE alt dette? og kvar var eg?

Bjarke sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Silje sa...

Ja! Akkurat slik er det. Akkurat slik! Og det er så vanskelig å fange i ord. Du er flink til det, du: å fange de fineste og viktigste stemningene.

fridtun sa...

Takk, jinter!

Dativ fleirtal: Hev du ikkje gluggar i veggane dine? Ein kann sjå mykje fint gjenom der. Og dreg du ikkje ut med bosset no og då? Vel, vel. Du fær trøysta deg med at ein gong vert du stor og eksamensfri og kann njota våren so mykje som råd er!

Badeanda: Ja, nett slik er det. Og takk for godord. Men det er liksom ein vond ting å fanga òg, sidan det er ein lengt til noko som aldri kjem att. Men du veit, sorg og hugverk kjem kunsti til nytte ;)