lørdag 21. juni 2008

Åtak på mor i hagen

Jau, du las rett: her er ein ikkje trygg i sin eigen hage. Sjølv millom gulrotgras og persille lyt ein kjenslevar stakkar vakta seg vel. I dag var det ein væpna luring som sneik seg innpå mor for å setja ein støkk i 'a.

Tilburden kann du sjå på bilæti nedantil. Um de veit kven den skuldige er, meld ifrå til meg.




























































































































PS! Det var varmt.

tirsdag 10. juni 2008

Fridtun byd atter på tevling

Innlegg skal med skjemt skrivast, og ikkje med uhug tyngjast.
Sumtid, i minsto.

Eg vonar de toler endå nokre linor um og med tekster frå den gamle bokheimen. Der er mykje gildt som ungdomen i dag ikkje gyv på eller er nøydde til å lesa på skulen. Hau. Inkje er som å vera nedsokken i dei vyrde Edda-kvædi våre.

I dag hev eg valt "Allvismål" som emne. Dette gudekvædet er å finna Codex Regius av Edda. Allvis og Tor stridast. Allvis krev å få dotter åt Tor, men Tor neittar. Allvis lyt fyrst syna at han er allvis, at han kann segja Tor alt han vil vita. Tor fretter ut Allvis, for det meste vil han vita kva dei kallar ymse ovringar og verdslutar (til dømes jord, himmel, skog, sol) i kva heim. Heimane skal no, i Fridtun-loggen, tevla um kven som hev dei beste namni.

Medtevlarane er Mannheimen, æsene, vanene, jotnane, alvane, dvergane.
Greidt? Alle med? Klår - køyr!


1) Kva kallar de JORDI?

Mannheim: jord
Æser: fold
Vaner: vegar
Jotnar: i-grøn
Alvar: groande
Dvergar: aur


2) Kva kallar de HIMMELEN?

Mannheim: himmel
Æser: høgkvelv
Vaner: vindvevar
Jotnar: oppheim
Alvar: fagerloft
Dvergar: drjupande sal


3) Kva kallar de MÅNEN?

Mannheim: måte
Æser: mule
Vaner: -
Jotnar: skundar
Alvar: årmål
Dvergar: skin
I Hel: kvervande kvel


4) Kva kallar de SOLI?

Mannheim: sol
Æser: sunne
Vaner: -
Jotnar: gloheit
Alvar: fagerhjul
Dvergar: Dvalins svik


5) Kva kallar de SKYER?

Mannheim: sky
Æser: skur-von
Vaner: vindflot
Jotnar: ur-von
Alvar: vêr-kraft
Dvergar: -
I Hel: hylje-hjelm


6) Kva kallar de ELDEN?

Mannheim: eld
Æser: lòge
Vaner: glovåg
Jotnar: frèke
Alvar: -
Dvergar: øydar
I Hel: hastar


7) Kva kallar de SKOGEN?

Mannheim: ved
Æser: vollfaks
Vaner: vònd
Jotnar: eldvyrke
Alvar: fagergrein
Dvergar: -
I Hel: hei-tang


8) Kva kallar de NATTI?

Mannheim: natt
Æser: naudsvart
Vaner: grime
Jotnar: u-ljos
Alvar: svevngaman
Dvergar: draumehilder


Jau. Das war alles. Eller, eg tok ikkje med alle versi, berre deim eg tykkjer best um. Ah, eg elskar når ein nyttar nye eller andre namn på ting. Ikkje dei vanlege, automatiserte, nemningane. Kall det kva du vil, metaforar, similar, heite, kenningar - berre det set i gang tankekverna, gjev skallen litt å bryna seg på. Gjer so me ser verdi på nye måtar. Eller, med ordi åt Viktor Sjklovskij, kunsten underleggjer. Svari frå Mannheim set ikkje kveik i meg, men når æsene kallar skogen for "vollfaks", so hender det sumt i knollen. Eller i heile likamen. Um eg ikkje fær "livsfølelsen tilbake", eller "følelse for tingen", so er det eit slags syn, ei uppvakning. Jau. Godt.


Eg skal no fella domen. Me lyt ha ein vinnar. Ikkje veit eg um de er samde, men her kjem'n:

Eg tykkjer det er tvo som skil seg, det er vanene og alvane. Um eg skal gjeva ut gull, sylv og bronse so gjer eg det slik:

Gull: "fagerloft" um himmelen (alvar)
Sylv: "vindvevar" um himmelen (vaner)
Bronse: "groande" um jordi (alvar)

Alvane vert trekte so smått med di dei jamt nyttar "fager-" som fyrefeste (fagerloft, fagerhjul, fagergrein), det vert litt ... flatt, men samstundes legg dei att ein slags signatur, eit merke, teikn. Vanene hev for vane (!) å nytta "vind-" på same måten (vindvevar, vindflot). Dvergane gjer det au kvasst med "drjupande sal" og "draumehilder", og æsene er på god veg når dei kallar skyer for "skur-von". Men det held ikkje til topp-plassering. Eg likar alvar, og eg likar vaner. Vanene gjer det godt med "glovåg" for eld, medan alvane hævdar seg med "svevngaman" for natt.

Nei. Dette var vandt. Eg trur det er best at logglyden (dykk som les) kjem til med sitt, so fær me sjå um det løyser seg då. Kven bør vinna?

Maskin-syster

I annekset attmed hytta fann eg, næsten burtgøymd, endå ei svart maskin:

Litt sliten av elde, men ho er ein gild eignelut lell.
Eg likar at knappane er gule, eller gulna um du vil.

So. Meir var det ikkje.

lørdag 7. juni 2008

Eg kann skriva på Mercedes

I dag, på morgonen, var eg med far min på Østkanttorget (kjøp eit Elverumskart um du ikkje veit kvar det er). Kvar laurdag i sumarhalvåret er heile plassen stinn med brukthandlarar og forne greidor som det er gildt å glytta på. Då er det berre å hiva seg på sykkelen (skrævaråkji) og fara ned i godt, sumarlegt driv. So kann ein ganga seint og stilt millom ymse buder og bord og sjå fyre seg korleîs det må ha vore då desse gamle greidone endå var i bruk. Stundom kjem det sumt i auga som eg vil (og hev pengar til å) heimta. I dag fann eg ei liti skrivemaskin som høver fint på arbeidsromet eg skal laga ein gong i framtidi:

















Ho er ikkje eldgamall, men væn å sjå til. Og grum. Grum, ja, det var ordet eg leitte etter.
Og so gjev ho ifrå seg dei rette skrivemaskin-ljodi. Tapp-tapp-tapp.

Ein dag skal eg røkja etter modell og alder og slikt, no skal eg fara som ein vind til hytta i Femundsheimen. Forkynnelsesførkje på skrævaråkji rundt Nautmulevatnet = nonne på sykkel kring Femunden. Dit skal eg. No. Utan Mercedes.