God kveld, æille i hopes! Eg hev mangt å segja og mykje å syna, men fyrst nokre ord um kjøldi som herjar landet i desse dagar. Eller, ho herjar i alle fall her i mine eigne strôk. Andre stader er det visst varmt og blautt og grått og ymist anna. Då er det gildt å bu der himmelen er klår og kvass og venare å sjå til enn på lange tider. Rim på alle ytor, blåreine morgontimar, raude kinn, og so frametter... Det er draumlegt, tykkjer eg! Og attpå i desse dagane fyre jol!
Ein vert hugkveikt av slike stundar, ja.
Eg er au nøydd til å gjeva att nokre ord frå sogeheimen. Den siste vika hev eg vore gjenom eit par sogor, og gurimalla so mykje morosamt ein finn der! Serskilt vyrdar eg alle desse rivande sterke banane som helten stødt fær.
Døme frå Ynglingesoga:
"Kong Adils var åt og heldt diseblot og reid omkring disarsalen; hesten snåva under han og stupte, og kongen framover og av, og hovudet hans kom mot ein stein, so hausen [skallen] brotna og heilen [hjernen] vart liggjande på steinen."
Tjodolv frå Kvine hev gjort eit kvad um denne hendinga, og det gjeng slik:
"[...] og den høgætta
hovdingen fekk
heilen blanda
med blaute gjørma,
og døy skulde
dådsæle kongen,
uven hans Åle,
i Uppsala."
Jaggu!
So kjem eit døme frå soga um Gisle Sursson:
"Dei la då til med spyda så innvolane hans [Gisle] fall ut, men han sveipte innvolane og skjorta inn til seg og batt om nedantil med reipet. Då sa Gisle at dei skulle stogga litt, "de vil no få den enden på saka som de ønskte." Han kvad då ei vise:"
Og like etter:
"[...] i det same han hadde kvede denne visa, hoppa han ned frå hammaren og kjørte sverdet i hovudet på Tord, frenden til Øyolv, og kløyvde han heilt til beltestaden."
Huhei! Nei, kva skal ein med krim og splætter-filmar?
No kjem eg med nokre dagane-fyre-jol-bilete, og ynskjer dykk, kjære og trugne lesarar, GOD JOL!

Peparkakehoppar!

Reite prøver hoppdress og turnringar samstundes.

Vinter-utsyn frå Ydalirbakken.

Eg segjer ikkje meir!

Eg trur Helene ynskte å vera ho til vinstre.
I so fall vert eg ho med jura.

Meir hopping og sprell; Helene framfyre Lysgårdsbakkane.

På toppen av 90'n.

Sol ute, sol inne, sol i hjarta!